1. Tertialrapporten blir godkjent slik den er lagt fram.
2 .Driftsbudsjettet endrast slik det går fram av tabell 1 i saka. Dette medfører fylgjande endringar i finansiering:
a. Disposisjonsfondet blir styrka med kr 5,25 mill.
b. Delar av unytta straumstøtte blir omdisponert som omtala i saka.
c. Skatteinntekter blir redusert med kr 3,7 mill.
d. Rammetilskot aukar med kr 2 mill.
e. Disposisjonsfondet blir redusert med kr 1,7 mill.
3. Investeringsbudsjettet endrast slik det går fram av tabell 2 i saka, med samla endring av investeringsbehovet i 2024 på kr 40.498.307. Det vil vere naudsynt å løyve opp att kr 38,5 mill i 2025. Endringane i tabell 2 medfører fylgjande endringar i finansiering i 2024:
a. Momskompensasjon blir redusert med kr 1.468.000
b. Lån frå Akademiet tilbakebetalt med kr 6,7 mill
c. Redusert refusjon frå Statkraft kr 12 mill
d. Reduserte salsinntekter kr 6,2 mill
e .Redusert bruk av næringsfond med kr 7 mill
f. Redusert bruk av konsesjonsavgiftsfondet med kr 20.530.307
4. Det blir avsett kr 1 mill til vidare datasenterutgreiingar. Inndekning frå næringsfondet.