Studentmeldinga blir godkjent slik den ligg føre.
- Systemet med at studentar er registrerte og skattar til heimkommunen tener alle distriktskommunar, inkludert Vinje, godt. Om store studentkommunar som Oslo og Trondheim skulle gjort som Vinje og ytt nokre tusenlappar for å kapre innbyggjarar, ville særleg distriktskommunane gått glipp av store statlege overføringar, i tillegg til skatteinntekter. Vinje avviklar denne ordninga frå 2025 for å ikkje risikere å byggje ned eit godt fungerande system.
- Vinje kommune skal leggje til rette for at studentar på campus Rauland får legetenester i Rauland. Er den noverande kapasiteten på legekontoret i Rauland for liten, må ein arbeide for å få ein turnuskandidat med kontorstad Rauland som har ansvar for studentane.