Årsbudsjett 2025 og økonomiplan 2025-2028
Innstilling Formannskapet framlegg med vedtekne endringar
Vedlegg
Forslag frå Ap
Kommunestyret ynskjer ei sak om ei større oppgradering av vegen til Gjevarvatn i Øyfjell. Vinje kommune og Seljord kommune gjeng i dialog ang dette.
Vedlegg
Forslag frå V. Frantzen (DNI)
Tilleggsforslag.
Snoskuterløypene: på grunn av kommersiell åpning og bruk av løypenettet for snoskuter, vert løypestøtta auka med 50%. Til 600 000 kr, inndekning frå Næringsfondet.
Vedlegg
Forslag frå K. O. Tveito (SV)
Når friskliv og meistring har fått på plass frisklivskoordinator, kjem administrasjonen med ei sak til OVU, med forslag til korleis friskliv og meistring kan rigge eit tilbod retta mot ungdom i Vinje.
Vedlegg
Forslag frå Ø. Høgetveit (SV)
Nytt punkt.
Bygdesoge for Øyfjell Sokn får kr 125000 i 2025. Dekning med redusert overskot tilsvarande. Vilkår er at 1. bind blir utgjeve.
Vedlegg
Tilleggsforslag frå VTB
Vinje kommune aukar løyvinga til Vest-Telemark museum til kr. 300.000,-. Inndekning frå disposisjonsfondet
Vedlegg
Tilleggsforslag frå VTB
Vinje kommune styrkar ENØK-potten med kr. 400.000,-, inndekning frå næringsfondet
Vedlegg
Innstilling Formannskapet pkt. 22
Vedlegg
Forslag frå Ø. Høgetveit (SV) pkt. 5
Vedlegg
Forslag frå I. H. Godal (VTB)
Vedlegg
Innstilling Formannskapet pkt. 16
Vedlegg
Forslag frå Sp
Tillegg til pkt 15.
Bruk av næringsfondet vert redusert tilsvarande.
Vedlegg
Innstilling Formannskapet pkt. 12
Vedlegg
Innstilling Formannskapet pkt 1
1.Kommunestyret vedtek forslag til Årsbudsjett 2025 og økonomiplan / handlingsprogram 2025 – 2028 slik det ligg føre i innstillinga frå kommunedirektøren.
Vedlegg
Innstilling Formannskapet pkt. 2
2.Det kommunale skatteøyret vert fastsett til dei maksimale satsar som Stortinget vedtek.
Vedlegg
Innstilling Formannskapet pkt. 3
3.Kommunestyret vedtek fylgjande for eigedomsskatteåret 2025 i Vinje kommune:
a.Det skal skrivast ut eigedomsskatt jf. Eigedomsskattelova (Esktl.) § 3 fyrste ledd bokstav c.
b.Den alminnelege eigedomsskattesatsen er 7 promille, jf. Esktl. §§10 og 11 fyrste ledd.
c.Takstvedtekter for eigedomsskatt i Vinje kommune vedtekne i kommunestyret 13.12.2018 skal gjelde, jf. Esktl. § 10.
d.Eigedomsskatten forfell til betaling i to terminar, jf. Esktl. § 25 fyrste ledd. Fyrste termin er 1. april og andre termin er 1. september.
Vedlegg
Innstilling Formannskapet pkt. 4
4.Vinje kommune tek opp lån kr 55 mill. for å finansiere varige driftsmidlar, jf Kommunelova § 14 – 15 fyrste ledd.
Vedlegg
Innstilling Formannskapet pkt. 5
5.Vinje kommune tek opp startlån kr 10 mill. i Husbanken, som skal nyttast til vidareutlån i tråd med ny ordning til fyrstegongsetablerarar frå Husbanken.
Vedlegg
Innstilling Formannskapet pkt. 6
6.Kommunale prisar og gebyr blir vedtekne slik det går fram av «Gebyrliste» i Framsikt.
Vedlegg
Innstilling Formannskapet pkt. 7
7.Vatn, avløp, renovasjon, slam og feiing skal ha 100 % kostnadsdekking. Det same skal gjelde også for utsleppsløyve.
Vedlegg
Innstilling Formannskapet pkt. 8
8.Kommunestyret vedtek mål og satsingsområde for 2025, slik det går fram av eige kapittel i økonomiplanen i Framsikt.
Vedlegg
Innstilling Formannskapet pkt. 9
9.Tilskot til drift for Kyrkjeleg fellesråd utgjer kr 5.615.000 i 2025. Festeavgift går fram av «Gebyrliste» i Framsikt.
Vedlegg
Innstilling Formannskapet pkt. 10
10.Kommunestyret vedtek framlegg til klimabudsjett for 2025 - 2028.
Vedlegg
Innstilling Formannskapet pkt. 11
11.Fylgjande støtteordningar utgår: Bustadtilskot og Kommunal støtte til enkeltprosjekt.
Vedlegg
Innstilling Formannskapet pkt. 12
Det blir sett av ei ramme frå næringsfondet på kr. 5 million i 2025, kr. 5 million i 2026 og kr. 5 million i 2027. Pengane skal gå til gjennomføring av tiltak i reiselivsstrategien. Det blir gjennomført ein arbeidsdag med næringslivet og kommunestyret fyrste halvår 2025 for å prioritere tiltak.
Vedlegg
Innstilling Formannskapet pkt. 13
Kommunestyret ber om å få ei sak på oversyn over utstyr på styrkeromma i kommunen opp mot brukarynskje.
Vedlegg
Innstilling Formannskapet pkt. 14
Kuttet på kr. 100.000 i tilskotsordninga til kultur, idrett og fritid blir reversert. Inndekning frå bortfall av ny 40 % stilling på landbrukskontoret.
Vedlegg
Innstilling Formannskapet pkt. 15
Det blir ikkje oppretta ny 40 % stilling på Landbrukskontoret.
Vedlegg
Innstilling Formannskapet pkt. 16
Kommunestyret sett av 1 million kroner til næringsstønad der enkeltprosjekt/tiltak/bedrifter kan søkje om midlar. Midlane blir tatt frå næringsfondet. Ordninga har søknadsfrist to gonger i året og blir vurdere\a ut frå scoringsskjena og eventuelle årlege prioriteringar satt av formannskapet. blir vurdere\a ut frå scoringsskjena og eventuelle årlege prioriteringar satt av formannskapet.
Vedlegg
Innstilling Formannskapet pkt. 17
Kommunestyret ber administrasjonen presentere ei sak i løpet av 2025 som vurderer overtaking av fotballbane og skianlegg frå idrettslag til kommunen.
Vedlegg
Innstilling Formannskapet pkt. 18
Vinje Kommune set ned ei arbeidsgruppe som består av lokale idrettslag,organisasjonar og private personar. Gruppa skal lage èin plan for løysingar og økonomi for gjenopning av Raulandsfjell Alpinanlegg. Kombinert med eit samarbeidsprosjekt Vinje Skulegard.
Vedlegg
Innstilling Formannskapet pkt. 19
Vinje kommunestyre sett av 1.million til oppgradering av den kommunale delen av Lybergvegen i Øyfjell. Inndekning frå disposisjonsfondet.
Vedlegg
Innstilling Formannskapet pkt. 20
Vinje kommune løyvde i budsjettet for 2024 300.000 kroner til forprosjekt for å sikre universell tilkomst og aktivitetstilbod ved/rundt Ormetjønn. Siktemålet i samband med budsjettet for 2025 må vera å få eit prosjekt på beina med sikte på å få gjennomført anlegget snarast råd. Kommunestyret bed difor om at det i utkastet til budsjett for 2025 blir teke inn eit punkt «Universelt utforma turveg rundt Ormetjønn».
Vedlegg
Innstilling Formannskapet pkt. 21
Søknad frå Rauland Internasjonal Vinterfestival blir innvilga med kr. 80.000. Inndekning på frå næringsfondet.
Vedlegg
Innstilling Formannskapet pkt. 22
Reduser posten planvask til kr. 100 000,-. Oppmoding om å heller bruke enklare metoder enn full plangjenomgang.
Vedlegg
Innstilling Formannskapet pkt. 23
Vinje kommune tek i mot 30 flyktningar i 2025. Familiegjenforeining kjem i tillegg.
Vedlegg
Forslag frå Sp
Flytte posten på 1 250 000 i investeringsbudsjettet som omhandlar landskapsplan ved Vinjesenteret til 2026. Låneopptak vert redusert tilsvarande. Plan og miljøutvalet får ei sak i 2025 der dei får til handsaming kva som skal gjerast der, og kostnadene med det. Ein ber også teknisk avdeling rydde så kyrkjekontoret får utsikt, kostnad vert dekt av eiga ramme.
Vedlegg
Forslag frå Sp
For å betre skulemiljøet ynskjer me å sjå på mogelegheten for å tilsetje miljøarbeidar som kan vera ein ressurs for skulane i dette arbeidet. Me ynskjer at det vert fremja ei sak for OVU / kommunestyret der ein ser på korleis dette kan organiserast.
Vedlegg
Tilleggsforslag frå VTB
Vinje kommune vil dele overskotet av straumsalet med innbyggjarane. Det blir sett av 10 mill av næringsfondet så kvar husstand i Vinje får 6000 kr i straumstøtte for fyrste halvår av 2025.
Vedlegg
Tilleggsforslag frå VTB
Haukelirennet får løyvd kr. 100.000,- av Vinje kommuneno med tanke på planlegginga av neste års renn. (Seinare år bør dei få støtte frå reiselivspotten. Inndekning næringsfondet.)
Vedlegg
Tilleggsforslag frå VTB
. Smørklepp grendelag får kr. 40.000,- til isolering av taket på grendehuset, inndekning frå næringsfondet.
Vedlegg
Tilleggsforslag frå VTB
Kirkens SOS hjelpetelefon får kr. 60.000,-. Inndekningfrå disposisjonsfondet
Vedlegg
Forslag frå K. O. Tveito (SV)
Gebyr for kulturskulen blir uendra. Inndekning blir med reduksjon av overskotet med kr 200 000.
Vedlegg
Forslag frå K. O. Tveito (SV)
Innføre meirope bibliotek i Åmot og Edland. Det blir sett av 200 000 kr, inndekning frå disposisjonsfond.
Vedlegg
Alternativt forslag frå VTB
Vinje kommune set av kr. 3 mill til oppfylging av reiselivsstrategien i 2025, 5 mill i 2026 og 5 mill i 2027. Det blir tilbakeført 2 mill til næringsfondet. (Alternativ til punkt 12 frå formannskapet
Vedlegg
Alternativt forslag frå VTB
Løyvinga på 1 mill til søkbar næringsstøtte går ut. Tilbakeføring til næringsfondet. (Alternativ til punkt 16 frå formannskapet).
Vedlegg
Forslag frå K. O. Tveito (SV)
I klimabudsjettet skal tiltaket «Forbetre renovasjonsordningar i idrettshallar og banar» bli prioritert i 2025. Det blir avsett 35 000 kr, inndekning frå disposisjonsfond.
Vedlegg
Alternativt forslag frå VTB
Vinje kommune set av kr. 300.000,- til planvask av Rukkemo-Torvetjønn slik administrasjonen foreslo, inndekning frå næringsfondet. (Alternativ til post 22 frå formannskapet).
Vedlegg
Forslag frå S. Mushtaq (DNI)
1. Kommunestyret vedtek mål og satsingsområde for 2025, slik det går fram av eige kapittel i økonomiplanen i Framsikt. Administrasjonen kjem tilbake innan 1. juli 2025 med konkrete målbare tiltak som oppfyller føresetnadene i vedtekne hovudmål.
2. Kommunestyret vedtek framlegg til klimabudsjett for 2025–2028. Administrasjonen kjem tilbake innan 1. juni 2025 med status på tiltaka i klimabudsjettet, inkludert kva tiltak som er gjennomførte og erfaringar knytt til desse. Vidare skal det lagast ein statusrapport over kor mykje areal Vinje kommune byggjer ned dersom alle planlagde fritidsbustader blir bygde, og kva betydning dette vil ha for miljø, klima, vilt og husdyr.
3. Det kommunale skatteøyret vert fastsett til dei maksimale satsar som Stortinget vedtek.
4. Kommunestyret vedtek fylgjande for eigedomsskatteåret 2025 i Vinje kommune:
a) Det skal skrivast ut eigedomsskatt jf. Eigedomsskattelova (Esktl.) § 3 fyrste ledd bokstav c.
b) Den alminnelege eigedomsskattesatsen er 7 promille, jf. Esktl. §§10 og 11 fyrste ledd.
c) Takstvedtekter for eigedomsskatt i Vinje kommune vedtekne i kommunestyret 13.12.2018 skal gjelde, jf. Esktl. § 10.
d) Eigedomsskatten forfell til betaling i to terminar, jf. Esktl. § 25 fyrste ledd. Fyrste termin er 1. april og andre termin er 1. september.
5. Vinje kommune tek opp startlån kr 10 mill. i Husbanken, som skal nyttast til vidareutlån i tråd med ny ordning til fyrstegongsetablerarar frå Husbanken.
6. Kommunale prisar og gebyr blir vedtekne slik det går fram av «Gebyrliste» i Framsikt.
7. Vatn, avløp, renovasjon, slam og feiing skal ha 100 % kostnadsdekking. Det same skal gjelde også for utsleppsløyve.
8. Tilskot til drift for Kyrkjeleg fellesråd utgjer kr 5.615.000 i 2025. Festeavgift går fram av «Gebyrliste» i Framsikt.
9. Kuttet på kr. 100.000 i tilskotsordninga til kultur, idrett og fritid blir reversert. Inndekning frå disposisjonsfondet.
10. Kommunestyret set av 3 millionar kroner til næringsstøtte for nyetableringar som bringar ikkje-konkurrerande, ny type næringsverksemd til Vinje. Ordninga skal spesielt fokusere på små oppstartsverksemder og blir vurdert ut frå eit objektivt skåringsskjema og eventuelle årlege prioriteringar fastsette av kommunestyret. Midlane blir tekne frånæringsfondet.
11. Det oppretta ny 40 % stilling på Landbrukskontoret. Inndekning fra næringsfondet.
12. Fylgjande støtteordningar utgår: Bustadtilskot
13. Søknad frå Rauland Internasjonal Vinterfestival blir innvilga med kr. 80.000. Inndekning på frå næringsfondet.
14. Vinje kommune tek opp lån på inntil kr 55 mill. for å finansiere varige driftsmidlar, jf Kommunelova § 14 – 15 fyrste ledd og i tråd med punkt 15.
15. Kommunestyret vedtek forslag til Årsbudsjett 2025 og økonomiplan / handlingsprogram 2025 – 2028 slik det ligg føre i innstillinga frå kommunedirektøren med følgande endringar;
a) Det blir satt opp oversikt over samlege aktivitetar utanom kommunal drift som Vinje kommune bidrar til økonomisk med kost/nytte effekt.
b) Viktige og heilt nødvendige investeringar blir vidareførte. Alle andre investeringsforslag blir sette på vent. Rådmannen kjem tilbake med ein prioritert og konsekvensvurdert investerings- og aktivitetsplan innan 1. mars 2025, der innbyggjarane og næringslivet sine behov står i sentrum.
c) Det blir gjennomført ein revisjon av alle tenesteområda i kommunen, slik at ein får kunnskap til å dimensjonere rett i høve til drift og utvikling, justert for utfordringane dei komande åra. I tillegg blir det bede om å setje opp sentrale måleindikatorar på tenesteområda som viser kor godt tenestene blir leverte til innbyggjarane og næringslivet. Mål; Reduksjon i driftskostnad på 80 millionar totalt over 4 års periode med minimum same tenestekvalitet.
16. Vinje kommune tek ikkje mot 30 flyktningar i 2025 før det er gjennomført en reell konsekvensanalyse innan helse, oppvekst, skole, barnehage, bolig, arbeidsliv, mottak inklusive kostnadskonsekvensar.
Vedlegg
Endringsforslag frå I. H. Godal (VTB)
Punkt 18: Vinje kommune set ned ei arbeidsgruppe som består av lokale idrettslag, organisasjonar, representant for Rauland sameige og private personar. Gruppa skal laga ein plan for løysingar og økonomi for gjenopning av Raulandsfjell Alpinanlegg.
Vedlegg
Alternativt forslag frå SV
Alternativ til punkt 19.
Vinje kommunestyre set av 1 million ekstra i budsjettet for vedlikehald av kommunale vegar. Inndekning frå disposisjonsfondet. Administrasjonen kjem så snart som råd med sak om prioritering av vedlikehaldet på kommunale vegar