Bustadstrategi
Innstilling frå formannskapet
Bustadstrategi for Vinje kommune blir vedteke slik den ligg føre, med desse endringane
1. Nytt kulepunkt under "Kommunale bustadfelt og tun" strategien: Småbrukprosjektet etter Vest-Telemarkmodellen blir intensivert i kommunal regi i Vinje. -einstemmig
2. Kulepunkt 2 under "Vinje senior" strategien går ut. - einstemmig
3. Kulepunkt 2 under "Prøvebu Vinje" strategien går ut. -einstemmig
4. Til kulepunkt 4 under "Ljos i gamle hus" strategien blir samarbeidsparter Bygningsvernsenteret i Eidsborg lagt til. – einstemmig
5. Det er særs viktig å få bygd sentrumsnære leiligheitsbygg med fellesareal. Universelt utforma. Både i privat regi med kommersielle utbyggarar og med bustadbyggelag som utbyggar. Det sosiale er særs viktig, og det blir spesielt viktig med sentrumsnært for dei som etter kvart ikkje lengre har sertifikat.
Vedlegg
Tilleggsforslag frå S. Mushtaq (DNI)
Framlegg frå Suhail Mushtaq (DNI):
Administrasjonen kjem tilbake med ein prioritert plan i forhold til økonomi, kapasitet, demografi, næringsutvikling og kommunal tenesteutvikling for korleis strategien best kan gjennomførast.
Vedlegg
Tilleggsforslag frå V. Frantzen (DNI)
Prøvebustaden i Øyfjell beholdes. Men i tillegg til Øyfjell utvikling så skal også Vinjelosen inn i prosjektet for oppfølging av beboerne og administrering av utleige td: ventelister, og administrasjon av bustaden.