Innstilling frå formannskapet
Bustadstrategi for Vinje kommune blir vedteke slik den ligg føre, med desse endringane
1. Nytt kulepunkt under "Kommunale bustadfelt og tun" strategien: Småbrukprosjektet etter Vest-Telemarkmodellen blir intensivert i kommunal regi i Vinje. -einstemmig
2. Kulepunkt 2 under "Vinje senior" strategien går ut. - einstemmig
3. Kulepunkt 2 under "Prøvebu Vinje" strategien går ut. -einstemmig
4. Til kulepunkt 4 under "Ljos i gamle hus" strategien blir samarbeidsparter Bygningsvernsenteret i Eidsborg lagt til. – einstemmig
5. Det er særs viktig å få bygd sentrumsnære leiligheitsbygg med fellesareal. Universelt utforma. Både i privat regi med kommersielle utbyggarar og med bustadbyggelag som utbyggar. Det sosiale er særs viktig, og det blir spesielt viktig med sentrumsnært for dei som etter kvart ikkje lengre har sertifikat.