Innstilling frå OVU
Tiltak og anlegg i handlingsplanen blir vedteke slik den ligg føre, med denne endringa
- Kommunestyret stør opp om ein prosess som skal resultere i eit innandørsanlegg for finkaliber/miniatyr-skyting i Rauland sentrum.
Listene over spelemiddelsøknadar knytt til ordinære anlegg og nærmiljøanlegg, vert godkjent slik dei er føreslått, med atterhald om at søknadar blir trekt.
Vinje kommune forskotterer spelemidlar til søknadar som er godkjente i fylke, om laga ynskjer å søkje om forskotering.