Innstilling frå formannskapet
Søknaden frå Finter AS om ilegging av tilleggsavgift ved unnlat betaling vert imøtekomen. Tilleggsavgifta vert sett til kr 79,- pr unnlat betaling. Sats pr passering for Songavegen vert sett til kr 50,- for personbil, kr 100,- for lastebil og kr 400,- årskort personbil for 2025. Satsane kan indeksregulerast årleg i samsvar med konsumprisindeks pr 01.01.
Framtidige søknader skal handsamast etter desse retningslinene:
1. Alle private vegar som skal vere open for ålmenn ferdsel i trå med krav frå offentleg mynde eller at grunneigarar/rettigheitshavarar ynskjer at vegen skal vere open kan krevje bompengar for normale driftsutgifter på vegen.
2. Satsane for passeringar skal vedtakast av formannsskapet. Føremålet med bompengane skal vere å dekke driftsutgifter til vegdrifta.
3. Tilleggsavgift kan ileggjast ved unnlat betaling men skal ikkje overstige 200% av ordinær avgift.