Forslag om å trekke ut §4 grunna drektighetstida til Bever.
Med heimel i FOR -2017-04-26-519 Forskrift om forvaltning av bever, innførast ny forskrift om jakt og fangst av bever i Vinje kommune. Forskrifta skal ha ordlyd som ho vart vedteken i plan- og miljøutvalet, sak 6/25, med tillegg som høyringsinnspel frå Fyresdal kommune:
Forskrift om tilgang til jakt og fangst på bever i Vinje kommune
Fastsett av kommunestyret 22. april 2025 med heimel i lov av 29 mai 1981 nr 38 om jakt og fangst av vilt (viltloven) § 9 og forskrift 26. april 2017 nr 519 om forvalting av bever § 3.
§ 1 Føremål
Føremålet med forskrifta er å legge til rette for ei lokal og berekraftig forvalting av bever. Det ska leggast til rette for nærings- og rekreasjonsmessig nyttiggjering av viltressursen, samstundes som ein ska førebygge unødige skader og ulemper på andre samfunnsinteresser.
§ 2 Opning for jakt og fangst av bever
Det opnast for kvotefri jakt og fangst på i heile Vinje kommune.
§ 3 Jakttid
Jakttida fylgjer den til ei kvar tid gjeldande jakttid som er fastsett i forskrift om jakt og fangsttider vedteke med heimel i lov 29. mai 1981 nr 38 om jakt og fangst av vilt § 9.
§ 5 Rapportering
Årleg fellingsresultat skal innrapporterast av jeger til Statistisk sentralbyrå.
§ 6 Ikrafttreding
Forskrifta trer i kraft straks