Hopp til hovudinnhaldet

Forslag til tiltaksplan etter kvalitetsnormen for villrein i Hardangervidda og Setesdal Ryfylke og Setesdal Austhei villreinområder - høyring

01

Plan- og miljøutvalet sitt framlegg til vedtak

Innstilling Behandlet

Vinje kommune støttar hovudmåla i tiltaksplanane, men uttrykkjer skuffelse over at tiltaka i hovudsak er basert på frivillig deltaking, dette er ikkje tilstrekkeleg for å sikre god gjennomføring. Kommunen ber om at staten er med å tar ansvar for villreinen og vurderer sterkare styring og forpliktingar i tiltaksplanarbeidet, med klare fristar for gjennomføring.

Vinje kommune opplever at Klima- og miljødepartementet i arbeidet med tiltaksplanen har lagt større vekt på interessene til eksterne brukarar av fjellområda, som Den Norske Turistforening (DNT) og tilreisande friluftsfolk, enn på dei lokale og tradisjonelle brukarane av fjellområdet. Dette gjeld både i vurderingar av ferdsel, tilrettelegging og bruk av areal. Kommunen meiner at det er avgjerande at dei som bur og har næring i området vert lytta til og får reell innverknad på forvaltninga. Lokal kunnskap og bruk må vektleggjast sterkare, og det må sikrast at tiltaka ikkje svekkar moglegheita for berekraftig bruk og verdiskaping i lokalsamfunna rundt vidda.

Vinje kommune rår til at Statsforvaltaren sitt forslag til tiltaksplan, datert 01.12.2023, blir lagt til grunn for vidare arbeid med å betre forholda for villreinen på Hardangervidda. Det vidare arbeidet må vere godt forankra og ha god medverknad frå lokal villreinforvaltning, grunneigarar og fjellstyre, samt lokale vernemynde og kommunar.

I arbeidet for å betre tilhøva for villreinen har Vinje kommune gått langt, og foreslår noko så inngripande som ferdselsforbod. Dette blir drege positivt fram av Departementet i tiltaksplanen, men ein ser ikkje at Departementet foreslår tilsvarande tiltak innanfor nasjonalparkgrensa.

Høyringsuttalen vert sendt Klima- og miljødepartementet innan fristen 31. oktober 2025.

Vedlegg

Les meir expand_more
02

Tilleggsforslag frå R. Sølberg (Sp)

Tilleggsforslag Behandlet

Vinje kommune forventar at staten ryddar opp når det gjeld motorferdsel av offentlege instansar som til dømes politi, SNO og Mattilsynet. Dette må inn i eit felles rapporteringssystem, så èin får overblikk over den totale motorferdselen som er med på å belaste villreinens leveområde.

Vedlegg

Les meir expand_more
03

Forslag frå K. E. Jordstøyl (INP)

Tilleggsforslag Behandlet

Det bør byggast lang tunell under Haukelifjell på E134 frå Vågslid til Liamyra/Røldal, og tunell under RV7 Hardangervidda.

Vedlegg

Les meir expand_more
04

Forslag frå K. E. Jordstøyl (INP)

Tilleggsforslag Behandlet

For å redusere ferdsel bør det vurderast å stoppe all kommersiell turistnæring innafor nasjonalparkgrenser og verneområder, begrensinga bør gjelde i minimum 5 år.

Vedlegg

Les meir expand_more