Evaluering av administrativ organisering
Administrasjonsutvalet sitt framlegg til vedtak
Kommunestyret tek rapporten til orientering.
Helse og meistring blir omorganisert til tre verksemder:
- Institusjons- og heimetenester
- Medisinske tenester
- Habilitering, rehabilitering og familietenester
Kommunedirektøren får fullmakt til å gjere justeringar av administrativ organisering på
avdelingsnivå i den einskilde verksemda og oppgåvefordeling mellom tenesteområda.
Plan, økonomi og berekraft skiftar namn til Økonomi og samfunn.
Kommunedirektøren blir bedt om å kome med oppsummering av gjennomførte tiltak som ein del av rapporteringa første tertial 2026.
Kommunedirektøren kjem attende i løpet av eit år for å meddele om sine erfaringar med ny struktur.
Vedlegg
Forslag frå S. Mushtaq (DNI)
Administrasjonen kommer tilbake med en orienteringssak vår 2026 om prinsippene for rolle- og oppgavefordeling mellom ledelsesnivåene (kommunalsjef, virksomhetsleder og avdelingsleder, med mål om å unngå overledelse eller manglende ledelse, og sikre at nærledelse blir ivaretatt).
Vedlegg
Forslag frå J. R. Kleven (Sp)
- Kommunestyret tek rapporten til orientering.
- Kommunedirektøren jobbar vidare med organisering av tenesteområde for Helse og meistring, og kjem tilbake med eiga sak om dette.
- Kommunedirektøren får fullmakt til å gjere justeringar av administrativ organisering på avdelingsnivå i den einskilde verksemda og oppgåvefordeling mellom tenesteområda.
- Plan, økonomi og berekraft skiftar namn til Økonomi og samfunn. Kommunedirektøren blir bedt om å kome med oppsummering av gjennomførte tiltak som ein del av rapporteringa første tertial 2026.
- Kommunedirektøren kjem tilbake i løpet av eit år for å meddele om sine erfaringar med ny struktur.
Vedlegg
Tilleggsforslag frå B. Skårdal (VTB)
Kommunestyret ber om at det blir utarbeidd eit fullstendig organisasjonskart der alle funksjonar med leiaransvar er plassert.