Hopp til hovudinnhaldet

Plan- og miljøutvalet sitt framlegg til vedtak

Framlegg til reguleringsplan for Flåmyrane III, 99/1, planID 20220001, blir vedteken i medhald av pbl § 12-12 med endringane som er nemnde i kommunedirektøren si vurdering og lista opp punktvis 1-24 under oppsummering av framlegg til endringar.

Plan- og miljøutvalet vedtek jf. stadnl. § 7 fyrste ledd og adresseforskrift for Vinje kommune § 2 vegnamna Nedre Flåmyrane, Øvre Flåmyrane, Myrsnipevegen, Nedre Kroknos, Austre Kroknos, og Øvre Kroknos, slik vedlegg 9 Vegnamn viser.

Reguleringsplan for 99/1 Flåmyrane/Skjærdalen, planID 20030001, opphevast jf. pbl. § 12-14, når Flåmyrane III, planID 20220001, blir vedteke.

I føresegnene 4.1.2a skal det rettast til at det skal vere 25 % BYA.

FTU blir endra til FL-område og antal einingar blir sett til 0. For området som blir omgjort til FL (#1) skal likevel føresegnene vere gjeldande.

FBF8 - antal einingar blir sett til inntil 10.

FBF34 - antal einingar blir sett til inntil 4.

FBF35 - antal einingar blir sett til inntil 8.

Desse endringane er gjort i samråd med tiltakshavar. Utvalet ser då at planen ikkje treng ut på ny høyring.

Behandling

Irja Helene Godal (Vinje Tverrpolitiske bygdeliste) fremja følgjande forslag:

Framlegg til reguleringsplan for Flåmyrane III, 99/1, planID 20220001 blir ikkje vedteken av omsyn til villrein, boreal hei av stor verdi (beiteområde for husdyr), myr og vasspeglar jmf Naturmangfoldlova § 8-12.

Vedtak

Plan- og miljøutvalet sitt framlegg til vedtak vart sett opp mot Irja Helene Godal (Vinje Tverrpolitiske bygdeliste) sitt forslag

Plan- og miljøutvalet sitt framlegg til vedtak vart vedteke med 18 mot 7 stemmer.

Plan- og miljøutvalet sitt framlegg til vedtak

Arbeiderpartiet (3/3)

Det Norske Industripartiet (3/3)

Framstegspartiet (1/1)

Høgre (1/1)

Industri- og Næringspartiet (1/1)

Senterpartiet (7/8)

Sosialistisk Venstreparti (2/4)

Forslag frå I. H. Godal (VTB)

Senterpartiet (1/8)

  • Birgit Tveito

Sosialistisk Venstreparti (2/4)

  • Kari Omdal Tveito
  • Kjersti Kaasa

Vinje Tverrpolitiske bygdeliste (4/4)