Søknad om dispensasjon frå kommuneplanen sin arealdel - E134 Flothyl-Haukeli del 1 - utbetring av veg
01
Kommunedirektøren sitt framlegg til vedtak
Innstilling
Publisert
Plan- og miljøutvalet gjev Statens vegvesen dispensasjon frå arealføremålet LNF og byggjegrense mot vatn i kommuneplanens arealdel og kommunedelplan Edland/Haukeli , i medhald av pbl § 19-2 , for å utbetre veg som omsøkt , med desse vilkåra.
Vilkår:
- Tiltak mot forureining i anleggsperioden må vera på plass før arbeidet kan starte.
- Tiltak i vassdrag skal løyvast av fylkeskommunen , jf. § 1 i forskrift om fysiske tiltak i vassdrag .
- Dersom tiltaket rører ved dødt trevirke, skal dette flyttast til ein stad i nærleiken slik at påverknaden på liten gullhale avgrensast .
- Det må gjerast tiltak for å avgrense ytterlegare spreiing av framandarter. Forureina masser med framandarter skal ikkje nyttast mot vassdrag. Forureina masser med hagelupin som ikkje nyttast i området skal leverast til godkjent deponi. Maskiner som handterer masser med framandarter skal reingjerast før og etter arbeidet er utført for å hindre spreiing.
Vedlegg
Les meir
expand_more