Årsbudsjett 2026 og økonomiplan 2026 - 2029
Budsjettet som heilskap med vedtekne endringar
Vedlegg
Forslag frå L. B. Tvenge (H)
Vinjelosen og ljos i gamle hus prosjektene legges på is til økonomien i Vinje Kommune tillater ikke lovplanlagte tiltak.
Vedlegg
Forslag frå K. Neset (Ap)
1 mill til vedlikehold / innvestering av Tingvoll i 2026 og 2 mill i 2027. Inndekning frå Disposisjonsfondet
Vedlegg
Forslag frå VTB
Kommunestyret imøtekjem søknaden frå Folkemusikkscena på Rauland med kr. 80.000,- til Vinterfestivalen, inndekning frå ramma til kultur.
Vedlegg
Forslag frå Sp
Kommunestyret ber administrasjonen greie ut moglegheiter for etablering av skulehage på «Sandhuset»-tomta i Åmot. Utgreiinga skal omfatte vurdering av tilrettelegging, kostnader, drift, potensielle samarbeidspartnarar og kva skulen og lærarane meiner om behov, bruk og praktisk gjennomføring. Resultatet av utgreiinga skal leggjast fram for kommunestyret slik at det kan kome med i 2027-budsjettet.
Vedlegg
Røysting om ein ynskjer å ta i mot flykningar i 2026
Vedlegg
Formannskapet sitt framlegg til vedtak
1. Kommunestyret vedtek forslag til Årsbudsjett 2026 og økonomiplan / handlingsprogram 2026 – 2029 slik det ligg føre i innstillinga frå kommunedirektøren.
2. Det kommunale skatteøyret vert fastsett til dei maksimale satsar som Stortinget vedtek.
3. Kommunestyret vedtek fylgjande for eigedomsskatteåret 2026 i Vinje kommune:
a. Det skal skrivast ut eigedomsskatt jf. Eigedomsskattelova (Esktl.) § 3 fyrste ledd
bokstav c.
b. Den alminnelege eigedomsskattesatsen er 7 promille, jf. Esktl. §§10 og 11 fyrste ledd.
c. Takstvedtekter for eigedomsskatt i Vinje kommune vedtekne i kommunestyret 13.12.2018 skal gjelde, jf. Esktl. § 10.
d. Eigedomsskatten forfell til betaling i to terminar, jf. Esktl. § 25 fyrste ledd. Fyrste termin er 1. april og andre termin er 1 september.
4. Vinje kommune tek opp lån kr 40 mill. for å finansiere varige driftsmidlar, jf. Kommunelova § 14 – 15 fyrste ledd.
5. Vinje kommune tek opp startlån kr 10 mill. i Husbanken, som skal nyttast til vidareutlån.
6. Kommunale prisar og gebyr blir vedtekne slik det går fram av «Gebyrliste» i Framsikt. Ordninga med fritak for alle tiltak knytt til bustad innan reguleringsplan, byggesak og oppmåling, vert fjerna.
7. Vatn, avløp, renovasjon, slam og feiing skal ha 100 % kostnadsdekking. Det same skal gjelde også for utsleppsløyve.
8. Kommunestyret vedtek mål og satsingsområde for 2026, slik det går fram av eige kapittel i økonomiplanen i Framsikt.
9. Tilskot til drift for Kyrkjeleg fellesråd utgjer kr 6.115.000 i 2026. Festeavgift går fram av «Gebyrliste» i Framsikt.
10. Kommunestyret vedtek framlegg til klimabudsjett for 2026 - 2029.
11. Vinje kommune tek imot 15 flyktningar i 2026. I tillegg kjem familiegjenforeining.
12. Kommunestyret forventar budsjettkontroll på Helse og meistring.
13. Veke 10 Sei det til nokon-veka får kr. 120.000,- for 2026. Inndekning frå disposisjonsfondet. Kostnadene til Veke 10 blir innarbeid i budsjettet for 2028.
14. Vinje kommune gjev ikkje støtte til arkeologisk utgraving på Vinjeflaten. Summen frå Kommunedirektøren sin ramme på kr. 1,5 million blir tilført disposisjonsfondet.
15. Tilskottsramme til landbruket blir auka med kr. 500.000,-. Inndekning frå disposisjonsfondet.
16. Kommunestyret løyver kr. 25.000,- til nytt kjøkken på Fjellvang. Inndekning frå disposisjonsfondet.
17. Ny stilling som barnehagefagleg konsulent blir utsett i påvente av den varsla heilskaplege gjennomgangen av alle sider ved kommunen sin økonomi i 2026. Den avsette summen til stillinga for 2026 på kr. 450.000,- blir tilført disposisjonsfondet.
18. Kommunestyret løyver kr. 350.000,- til nytt utstyr i treningsromma i kommunen i samsvar med ønskt tiltak under Helse og meistring. Inndekning frå disposisjonsfondet.
19. Vinje kommune kjøper eit mikrohus til bustadfeltet Vaffelhjartet – Mobø. Huset skal fungere som kommunal prøvebustad etter modell frå prøvebustaden i Øyfjell. Det blir løyvd kr. 2,2 million med inndekning frå Næringsfondet.
20. Forprosjekt sentrumsutvikling Haukelikrysset blir flytta frå 2026 til 2027. Summen på kr. 400.000,- blir tilbakeført på Konsesjonsavgiftsfondet.
21. Posten «Kullen bak Helsesenteret» på kr. 6 million i 2027 går ut av økonomiplanen.
22. ENØK til private på kr 200 000,- Inndekning frå næringsfondet.
23. Vinje kommune brukar inntil 3,5 millionar på Dyre Vaa/Skinnarlandsamlingane i 2027
Vedlegg
Forslag frå Sp
1. Det blir sett av ei ramme på kr. 300.000,- til tomtearbeid for å plassere mikrohusprøvebustad i Vaffelhjartet – Mobø bustadfelt. Inndekning frå Næringsfondet.
2. Det blir sett av ei ramme på kr. 40.000,- til å løyse skuleskyssutfordringar. Inndekning frå disposisjonsfondet. Administrasjonen må kome attende til kommunestyret dersom det er trong for ein høgare sum.
Vedlegg
Forslag frå Ap
Det blir sett av 1,2 millionar til fjerning av kullen bak helsesenteret i 2026,inndekning frå Disposisjonsfond.
Vedlegg
Forslag frå L. B. Tvenge (H)
Punkt 11.
Vinje Kommune tek imot 15 flyktninger i 2026.
Vedlegg
Forslag frå N. J. S. Garnes (SV)
1. Kommunestyret ber om ei utgreiing om innføring og kva inntekstpotensialet er av å introdusere ein "hytteskatt" i Vinje. Altså eigedomsskatt med ulike kategoriar med høg takst i hytteområde og veldig låg takst i andre delar av kommunen.
2. Kommunestyret løyver 200 000 kr for å innfører ei pilotordning for 2026 med utvida sesong i symjebassenga. Inndekning frå dispensasjonsfondet. Pilotordninga skal evaluerast før budsjetthandsaming for 2027-budsjettet.
3. Kommunestyret ber om ei sak med eventuelle budsjettkonsekvensar for nærere samarbeid mellom skulane, samt synleggjering av dei potensielle gevinstane
Vedlegg
Forslag frå L. B. Tvenge (H)
Punkt 21
Uteområdet på Kullen bak Helsesenteret i henhold til tidligere vedtak tas inn i budsjettet i 2026.
Vedtatt budsjett på 6 mill reduseres til 4,5 og dekkes inn via disposisjonsfondet?
Vedlegg
Formannskapets framlegg pkt. 21
21. Posten «Kullen bak Helsesenteret» på kr. 6 million i 2027 går ut av økonomiplanen.