Søknad om motorferdsel på Hardangervidda
01
Kommunedirektøren sitt framlegg til vedtak
Innstilling
Publisert
Vinje kommune gjev løyve til avgrensa motorferdsel i 2026 i samband med GPS-merking og oppfølging av villrein og elg, jf. gjeldande regelverk.
Løyvet omfattar:
- bruk av helikopter til GPS-merking av villrein i avgrensa omfang,
- naudsynt oppfølging av dødsvarsel og innhenting av GPS-halsband,
- avgrensa bruk av snøskuter i vintersesongen.
Motorferdsel skal avgrensast til eit minimum og samordnast med Statens naturoppsyn der dette er mogleg.
Løyvet gjeld berre for 2026. Eventuell vidareføring i 2027 krev ny politisk handsaming.
Norsk institutt for naturforskning skal rapportere til Vinje kommune om gjennomført motorferdsel og erfaringar frå prosjektet.
Vedlegg
Les meir
expand_more