Hopp til hovudinnhaldet
01

Kommunedirektøren sitt framlegg til vedtak

Innstilling Publisert

Vinje kommune gjev med dette Norsk villreinsenter dispensasjon med heimel i § 6 i lov om motorferdsel i utmark og vassdrag til bruk av helikopter i samband med strukturteljing av villrein i Setesdal Ryfylke villreinområde.

Løyvet gjeld for perioden 1. oktober – 20. november i åra 2026–2028.

Vilkår for løyvet:

Motorferdsla skal avgrensast til det som er nødvendig for gjennomføring av strukturteljingane.

All flyging og landing skal skje så skånsamt som mogleg av omsyn til villrein og anna dyreliv.

Talet på landingar i Vinje kommune skal haldast på eit minimum og ikkje overstige det som er nødvendig for oppdraget.

Løyvet skal vera med under transport og visast fram ved kontroll.

Løyvehavar er ansvarleg for å innhente nødvendige løyve frå grunneigarar og andre aktuelle styresmakter.

Vedlegg

Les meir expand_more