Hopp til hovudinnhaldet
01

Konsesjonsloven § 9 gjeld særlege tilhøve for landbrukseigedomar:

Innstilling Publisert

«Ved avgjørelsen av søknad om konsesjon for erverv av eiendom som skal nyttes til

landbruksformål skal det legges særlig vekt på:

1.om erververs formål vil ivareta hensynet til bosettingen i området,

2.om ervervet innebærer en driftsmessig god løsning,

3.om erververen anses skikket til å drive eiendommen,

4.om ervervet ivaretar hensynet til helhetlig ressursforvaltning og kulturlandskapet»

Søknaden skal ha ein konkret og individuell vurdering, der føremål med kjøpet blir vurdert opp

mot viktige samfunnsinteresser. Saka gjeld ein landbrukseigedom der ein familie vil busette og

å skjøtte jorda vidare.

1. Vinje kommune har eit sterkt fokus på busetting i sine planer. I følgje bustadstrategien er

landbrukseigedomar sett på som attraktive buplassar – også veglause bruk på Møsstrond . Då søkarane vil flytte, og busette seg på garden, vil søknaden deira slik sett ivareta omsynet til busettinga i området.

2. Ervervet i denne saka gjeld ein eksisterande landbrukseigedom, der søkar ønskjer å forvalte

denne vidare. Bruksstrukturen i området blir ikkje endra. Dei vil halde jorda vedlike, og sørge

for at driveplikt vil bli stetta. Føresegner om deling i jordlova § 12 er omfattar ikkje område regulert for til dømes hyttebygging – jamfør seljar sitt ynskje om å halde att to hyttetomter.

3. Søkar har i følgje søknad praktisk landbrukserfaring, og er godt kjent med ei lokale tilhøve på Møsstrond – og er såleis godt skikka til å drive eigedomen vidare.

4. Med heilskapleg ressursforvaltning meinast at eigedomen må disponerast på ein slik måte at

produksjonsevna blir ivareteke, og slik at eigedomen også i framtida kan leggje grunnlag for

drift og busetting. Ved å bu på garden vil eigarane ha eit godt utgangspunkt for å forvalte

ressursane og jordbruksarealet vidare. Tradisjonell slått og skjøtsel av jorda vil oppretthalde

produksjonsevna på dyrka mark, og taka vare på kulturlandskapet etter vårt syn.

I tråd med konsl. § 11, 2 ledd er det høve til å setje vilkår om buplikt der kommunen ”skal ut fra

hensynet til bosetting, helhetlig ressursforvaltning og kulturlandskap ta stilling til om det er

påkrevd å stille vilkår om boplikt, og om boplikten skal være en personlig plikt for eier”. Buplikt

betyr at søkjer må ha fått godkjent tilflytting til eigedomen av Folkeregisteret, jf føresegner i

konsesjonsloven § 6: En eiendom er tatt som reell bolig hvis eieren er registrert bosatt på

eiendommen etter regler fastsatt i medhold om lov om folkeregistrering».

Kommunedirektøren legg vekt på at søkarane vil busette seg på garden og skjøtte

kulturlandskapet vidare – når han vil tilrå søknaden med krav om buplikt. Som nemnt over er

det etter kommunale planer viktig med buplikt for å halde oppe busettinga i kommunen.

Ein minner om at det etter jordlova § 8 er varig driveplikt på alt jordbruksareal. Driveplikta kan

òg oppfyllast ved bortleige med skriftleg avtale på minst 10 år. Det er viktig for Vinje kommune

at kulturlandskapet ikkje gror att, men blir teke vare på - dette av omsyn til trivsel for

innbyggjarar og satsing på reiseliv i kommunen.

Kommunedirektøren sitt framlegg til vedtak

Vinje kommune gjev Arne Eriksen og Sissel Merete Kleivan – i medhald av konsesjonsloven § 9 – konsesjon på erverv av gnr. 163/1 i Vinje som omsøkt. I medhald av konsesjonsloven § 11 blir det sett vilkår om at søkarane må busette seg på eigedomen innan 1.6.2027, og ha eigedomen som sin reelle bustad i minst fem år, jf konsesjonsloven § 6.

Vedlegg

Les meir expand_more