Hopp til hovudinnhaldet
01

Tilleggsforslag frå Å. Bringsvær-Sunde (DNI)

Tilleggsforslag Behandlet

Pakke 2, tilleggspunkt 5: Opplæring og møter som kan gjennomførast i kommunen, skal haldast i kommunen. Slutt på store middagar med alkohol og overnatting.

Vedlegg

Les meir expand_more
02

Forslag frå K. Neset (Ap)

Forslag Behandlet

Arbeidsgruppe 19 samlokalisering av legekontor

Taes ut av sparepakke

Vedlegg

Les meir expand_more
03

Alternativt forslag frå VTB

Alternativt forslag Presentert av: Irja Helene Godal På vegner av Vinje Tverrpolitiske bygdeliste Behandlet

- Kommunedirektøren kjem tilbake med eit oversyn over bruken av bassenga på kveldstid og laurdagar i mai og september i Edland, Åmot og Rauland.

Vedlegg

Les meir expand_more
04

Formannskapet sitt framlegg til vedtak

Innstilling Behandlet

1. Kommunestyret tek Kommunekompassrapporten og KOSTRA-analysen til etterretning.

2. Kommunedirektøren kjem tilbake med ein strategi for eit heilskapleg og koordinert utviklingsløp for den kommunale organisasjonen.

3. Storleiken på kommunestyret blir frå komande valperiode redusert frå 25 til 19 representantar.

4. Oppvekst- og velferdsutvalet blir lagt ned med verknad frå komande valperiode. Oppfølgjinga av politikkområda blir overført til Formannskapet.

5. Styret for Berunuten vest blir lagt ned med verknad frå komande valperiode. Oppfølgjinga av eigedomen blir overført til Plan- og miljøutvalet.

6. Eldrerådet og Rådet for personar med funksjonsnedsetjingar blir slege saman.

Kommunestyret vedtek også følgjande tiltak, og ber kommunedirektøren innarbeide dette i budsjett 2027, økonomiplan 2027-2030:

NrArbeidsgrupper2027202820292030
1.Administrativ organisering ink stab2 0004 0006 0008 000
2.Politisk organisering0735765797
3.Digitalisering, lisenser og avtaler600600600600
4.Lønn, tillegg, permisjonar og rekrutteringstillegg3 0006 50010 00013 000
5.Flåtestyring av bilpark135270270270
6.Tilskot til lag, organisasjonar og bedrifter1 7502 5003 2504 000
7.Næring350950950950
8.Kultursektoren9351 0001 0001 000
9.Kultur - moglege inntekskilder175175175175
10.Tenester til Psykisk sjuke640735810810
11.Dagsenter - struktur og innhald0400400400
12.Brukerbetaling (vederlag, trygghetsalarmer og praktisk bistand)98989898
14.Tildeling av tenester - nivå/terksklar1 5501 6502 0002 600
16.Bruk av kompetanse/turnus7501 2001 2001 200
17.Faglege spørsmål/kvalitet (digital nattsjukepleie, dialyse etc)2 0002 1002 3002 500
18.Administrativ organisering av heile helse og meistring1 3001 3001 3001 300
19.Struktur på legesentre - samlokalisering. Godtgjersle og nivå på dimensjonering - brukarbetaling2 3002 5002 5002 500
20.Helsestasjonstenesta, dimensjonering, jordmortenesta1001001001 180
21.Fysio-/ergoterapitenesta25506060
23.Skule - løn og lokale tillegg446446446446
24.Skule - Driftsutgifter (lisenser, læremateriell, inventar, Polentur etc.)1 8301 8301 8301 830
25.Organisering av tenester til flykntinger - innføringsklasser0000
26.Spesialundervisning - omfang og inntetning1 4622 7742 9364 023
27.Samarbeid mellom skulene (jmf. Verbalvedtak 27 i budsjettet)0000
28.SFO - bemanning og brukarbetaling1 1001 0001 0001 000
29.Vaksenopplæring - bemanning og organisering1 6451 6951 6951 695
30.Barnehage - Struktur - åpningstidar, sommerstengt, opptak, bemanning etc.2 9704 5004 5004 500
31.Barnehage - Drift- administasjonsressurser, lønn og lokale tillegg, overtid, sjukefråver, fråver, permisjonar etc7501 0001 0001 000
32.Oppvekstsenter på Edland6502 1502 1502 150
33.Plan - organisering, gebyrer og bemanning7601 1501 1501 150
34.Byggesak - organisering, gebyrer og bemanning05008001 000
35.Kart og oppmåling - organisering, gebyrer og bemanning
36.Omklassifisering av vei og tilskot til veglag340540540690
37. og 39. Arealbruk - Effektivisere arealbruk, bygg som kan avhendes og Drift - prosuktivitet, omfang og kvalitet på tenesteleveransen2 1504 4044 4044 404
38.Reinhald - organisering og drift275460460510
40.Femdagarsskule for alle, konsekvensar og effektar0000
32 08649 31256 68965 838

Kommunedirektøren sitt framlegg blir vedteke med endringane og presiseringane under. Dei punkta i dei ulike pakkene som er ramsa opp under skal behaldast uendra i dette rammevedtaket, og skal skjermast frå sparing:

• Pakke 2:

- Pkt. 2 – Medlemar i formannskap og planutval skal vere 7.

• Pakke 6:

- Pkt. 1 – Museum.

- Pkt. 2 – Lag og organisasjonar.

- Pkt. 3 – Ungdomsklubbar.

- Pkt. 4 – Prisar og stipend.

- PKt. 6 – Løypekøyring.

- Pkt. 7 – Løyving til næringslag.

• Pakke 8:

- Pkt. 1 – Heim for ein 50-lapp.

- Pkt. 2 – Ungdomsklubbar.

- Pkt. 3 – Kulturskulen.

- Pkt. 4 – Vinjelosen og Vinje Naturlegvis.

• Pakke 9:

- Pkt. 1 – Betaling for leige av areal og utstyr for lag og organisasjonar.

- Pkt. 2 – Kommersielle arrangement.

• Pakke 10: Heile pakka – Psykisk helse og rus.

• Pakke 11: Utsette vedtak om avvikling av plassar på KVITO til eiga sak om KVITO.

• Pakke 24:

- Pkt. 2 – Polentur for 10. klasse.

- Pkt. 3 – Gratis skulemat for mellomtrinnet og ungdomsskulen.

- Pkt. 5 – Ungdomsskule – framleis 3.

• Pakke 28

- pkt 2 – gratis kjernetid 1. – 3. klasse.

• Pakke 29: Pkt. 4 – Førarkortopplæring.

• Pakke 30:

- Pkt. 3 – Opptak i barnehagen som no.

- Pkt. 5 – Bemanningsnorm.

• Pakke 37/39: Pkt. 1 – Svømmebasseng.

• Pakke 38: Pkt. 7 – Svømmebasseng.

Vedlegg

Les meir expand_more
05

Forslag frå H

Forslag Presentert av: Liv Bente Tvenge På vegner av Høgre Behandlet

Kommunestyret i Vinje reduseres fra 25 til 21 representanter fra kommende valgperiode i stedet for kommunedirektørens forslag om 19 representanter.

Vedlegg

Les meir expand_more
06

Merknad frå Sp

Merknad På vegner av Senterpartiet Behandlet

Presisering frå SP til sparepakke 30:

SP vil:

kutte matansvarlig

behalde dagens bemanningsnorm

Vedlegg

Les meir expand_more
07

Forslag frå Sp

Forslag På vegner av Senterpartiet Behandlet

Administrasjonen legg fram èin meir detaljert spesifisering av kva innsparinga ved nedlegging av legekontora i Rauland og Edland inneber til budsjettsaka i desember.

Vedlegg

Les meir expand_more
08

Endringsforslag frå VTB

Endringsforslag Presentert av: Irja Helene Godal På vegner av Vinje Tverrpolitiske bygdeliste Behandlet

Pkt 1 Opningstider: Behalde dagens opningstider frå 6.45 – 17.00 der plass i tidsrommet 6.45 – 7.30 og 16.30 – 17.00 må søkjast om og betalast for. Elevar i SFO kan søkje om og betale for plass i dette tidsrommet i barnehagen.

- Pkt 6 Divers foreldrebetaling: Framleis ha mogelegheit for 3- og 4-dagarstilbod.

Vedlegg

Les meir expand_more
09

Tilleggsforslag frå VTB

Tilleggsforslag Presentert av: Irja Helene Godal På vegner av Vinje Tverrpolitiske bygdeliste Behandlet

Framlegg, legekontor:

- Økonomisk ramme for legeavdelinga blir redusert med 2 mill. i 2027, uavhengig av forslaga frå arbeidsgruppe 19

- Kommunedirektøren greier ut mogelegheitane for samlokalisering av Rauland legekontor med AiR.

Vedlegg

Les meir expand_more
10

Forslag frå S. Mushtaq (DNI)

Forslag Behandlet

Pakke 2, punkt 1 går ut.

Vedlegg

Les meir expand_more
11

Forslag frå S. Mushtaq (DNI)

Forslag Behandlet

Alternativ framlegg til vedtak i PS 61/2026

1) Kommunestyret tek Kommunekompassrapporten og KOSTRA analysen til

orientering, men legg til grunn at fleire av dei foreslåtte tiltaka

ikkje dokumenterer reell netto økonomisk gevinst godt nok.

2) Kommunedirektøren skal gjennomføre tiltak som gir dokumenterbar

økonomisk gevinst utan svekking av tenestene. Det gjeld mellom anna

innkjøp, avtalar, lisensar, administrative prosessar, bilbruk, energi,

digitalisering og andre driftskostnader.

Dokumenterbare innsparingar skal innarbeidast i budsjett 2027 og

økonomiplan 2027 til 2030. Kommunestyret skal gjennom den ordinære

økonomirapporteringa få oversikt over faktisk realisert netto

innsparing, ikkje berre reduksjon i den enkelte budsjettramma.

3) Kommunestyret vedtek at omstilling/endring og utviklinga skal

gjennomførast no etter følgjande prinsipp: Vinje kommune skal redusere

dei totale kostnadene, ikkje berre redusere budsjettrammer eller

tenestetilbod. For tiltaka skal det synleggjerast:

- kva kommunen sparer

- kva gjennomføringa kostar

- om kostnader aukar på andre område

- moglege ringverknader

- konsekvensar for innbyggjarane og næringslivet

- konsekvensar for kvalitet, tilgjenge og responstid

- kva netto økonomisk gevinst kommunen sit att med

Tiltak som inneber reduksjon i bemanning, kapasitet eller tenestetilbod

skal ikkje reknast som innsparing før det er dokumentert at kommunen

sine samla kostnader faktisk går ned. Tiltak som inneber reduksjon i

bemanning, kapasitet eller tenestetilbod skal leggjast fram for

kommunestyret til endeleg godkjenning før gjennomføring. Målet om ein

berekraftig kommuneøkonomi står fast.

Kommunedirektøren skal frå no av styre omstillings- og

utveklingsarbeidet etter desse prinsippa.

4) Godtgjersla til ordførarvervet blir redusert til 80 prosent frå 1.

januar 2027.

5) Godtgjersla til varaordføraren blir redusert til 10 prosent av

ordføraren si godtgjersle frå 1. januar 2027.

6) Førarkortopplæring for flyktningar blir vidareført, men endra frå

tilskot til låneordning. Kommunedirektøren utarbeider enkle og

føreseielege vilkår for tilbakebetaling.

7) Vinje kommunestyre vedtek å gå inn for parlamentarisk styreform frå

neste kommunestyreperiode, jf. kommunelova § 10-1 andre ledd. Endeleg

vedtak og praktisk gjennomføring blir gjort av kommunestyret som blir

valt i 2027.

Vedlegg

Les meir expand_more
12

Forslag frå N. J. S. Garnes (SV)

Forslag Behandlet

Pakke 24, punkt 3 (skulemat) blir verna for kutt ved å gå for alternativ 0, oppretthalde ordninga slik det er i dag

Vedlegg

Les meir expand_more
13

Forslag frå N. J. S. Garnes (SV)

Forslag Behandlet

Pakke 28

- pkt 2 – vidareføre dagens ordning

Vedlegg

Les meir expand_more
14

Forslag frå R. Hyttedalen (Ap)

Forslag Behandlet

Oppvekst- og velferdsutvalet skal halde fram.

Vedlegg

Les meir expand_more
15

Forslag frå R. Hyttedalen (Ap)

Forslag Behandlet

Eldrerådet og rådet for personar med funksjonsnedsettingar skal ikkje bli slått saman til eitt råd

Vedlegg

Les meir expand_more
16

Forslag

Forslag Behandlet

Formannskapets forslag med endringar vedteke i kommunestyremøtet

Vedlegg

Les meir expand_more