Administrasjonsutvalet sitt framlegg til vedtak
1. Tenesteområdet Helse og meistring blir delt inn i tre verksemder: Heimeteneste og institusjon, miljøterapi og helsetenester og medisinske tenester.
2. Avdeling Svingen /Reini endrar nemning til Tenester til personar med funksjonsnedsetting.
Vedlegg
Forslag frå S. Mushtaq (DNI)
Alternativt framlegg til vedtak i PS 62/2026
1) Kommunestyret tek evalueringa av organiseringa i Helse og meistring
til orientering.
2) Kommunestyret legg til grunn at ei ny organisering skal ha som mål å
gi betre tenester, tydelegare leiing, betre samarbeid, betre
ressursutnytting og lågare kostnader til leiing og administrasjon.
3) Mindre organisatoriske justeringar som gir ein dokumenterbar gevinst,
og som ikkje reduserer tenestenivå, kvalitet, tilgjenge eller
responstid, kan gjennomførast innanfor gjeldande fullmakter.
4) Som generelt prinsipp skal organiseringa skal ikkje føre til fleire
leiarnivå eller høgare administrative kostnader utan at dette er
særskilt synleggjort og godkjent av kommunestyret.
5) Kommunedirektøren kan halde fram med arbeidet med omstilling og skal synleggjere:
• tal på leiarstillingar og samla leiarressurs før og etter endringa
• samla kostnad til leiing og administrasjon før og etter endringa
• kva gevinst den nye organiseringa skal gi
• korleis ein skal hindre nye siloar mellom verksemdene
• korleis samarbeid mellom heimeteneste, institusjon og medisinske
tenester skal sikrast
• korleis førebyggjande arbeid skal ivaretakast
• korleis organiseringa påverkar rekruttering, kompetanse og arbeidsmiljø
• kva konsekvensar organiseringa får for innbyggjarane, mellom anna
kvalitet, tilgjenge og responstid
Deretter skal den endelege organiseringa av Helse og meistring leggjast fram for kommunestyret til godkjenning før ho blir sett i
verk.
6) Den nye organiseringa skal evaluerast etter eitt år. Evalueringa skal
vise om organiseringa har gitt betre ressursutnytting, betre samarbeid,
betre leiing og økonomisk gevinst, og om tenestene til innbyggjarane er
blitt betre eller minst like gode.