Endringsforslag frå I. H. Godal (VTB)
Alle datoar for stenging av vegar inn i kalvings- og oppvekstområde skal endrast til 20.04 / 3. påskedag – 15.06.
Vedlegg
Forslag frå L. S. N. Midtun (Sp)
For å unngå stenging av vegar berre for sikkerhets skuld bør vegane vera stengte berre dersom det er villrein i området. Legg til ein setning der det er markert med gult. Det skal stå: , dersom det er villrein i området.
For å redusere ferdsel i villreinen sine kalvingsområde skal Kråmvikvegen, Songavegen og vegen til Farastadtippen/Ørneredet haldast stengt for motorisert ferdsel frå 20.04 - 15.06, dersom det er villrein i området. Forbodet gjeld ikkje trafikk i samband med stadbunden næring i perioden 01.06 - 15.06 og for fastbuande på Møsstrond i perioden 20.04. - 15.06. Bordalsvegen framleis stengd til 1. junisom i dag.
Vedlegg
Forslag - Er Knut Erik Jordstøy ugild i saka
Er Knut Erik Jordstøy ugild i saka
Vedlegg
Plan- og miljøutvalet sitt framlegg til vedtak
Plan- og miljøutvalet tek rapporten frå Ad-hoc utvalet til vitande og ber utvalet arbeide vidare med tiltak innan sonene.
Administrasjon set i gang arbeid med ei lokal forskrift.