01
Plan- og miljøutvalet sitt framlegg til vedtak
Innstilling
Publisert
- Vedtaket frå 20.01.21, sak 21/11 opphevast.
- Einingar regulert som næringeigedom med utleigeplikt, utleigehytter eller fritids- og turistføremål skal gjerast disponible for næringsmessig utleige minst 9 mnd av året gjennom fellesdrift. Privat utleige gjennom finn.no, airbnb og liknande løysingar vert ikkje rekna som godkjent utleige av ein næringseigedom med utleigeplikt.
- Ombytemodellen frå 2015 vert vidareført fram til 31.12.2027. Etter denne datoen vert ordninga avvikla, og det vil ikkje lenger vere mogleg å inngå nye ombyte.
- Arealbruk, føringar og vilkår for dispensasjon for bruksendring og omregulering skal gjerast i tråd med kommunedelplan Vågslid og kommunedelplan for Rukkemo-Torvetjønn.
Vedlegg
Les meir
expand_more
02
Endringsforslag frå Å. Bringsvær-Sunde (DNI)
Endringsforslag
Publisert
Me vil endre punkt 3 til :
"Ombytemodellen vert vidareført fram tom. 31.12.2029. Etter denne datoen vert ordninga med ombyte evaluert for å sjå den om skal vidareførast.
Vedlegg
Les meir
expand_more