Plan- og miljøutvalet sitt framlegg til vedtak
I tråd med forvaltingslova § 37 og motorferdselslova § 4 vert framlegg til endringar av Forskrift for løypenett for fritidskøyring med snøskuter vedteke slik den er lagt fram, med desse endringane:
· Løype 1C Haug-Varland
Tjukkleik på is må kontrollerast før løypa kan opnast for sesongen, og ved regelmessige intervall i løpet av sesongen.
· · Løype 10 Haukeliheia - Tjønnås
Løypa kryssar eit historisk villreintrekk som ikkje er i bruk no. Dersom reinen tek trekket i bruk/nærmar seg trekket, skal skuterløypa stengast umiddelbart. Der løypa krysser trasee for hundekøyring skal det settast opp varselskilt, samt vera redusert fartsgrense 40 km/t.
· Løype 14 Område for teknisk køyring blir tatt ut av forskrifta. Det skal arbeidast vidare med løypa med tanke på at den skal bli innarbeidd i forskrifta.
. Føringar som regulerer ferdsel langs trasè 2, 6 og 10 fylgjer framlegg til ny KPA av omsyn til villrein. Desse traseane er føreslegne stengt frå 20. april, eller etter 2. påskedag ved sein påske. Jf. vedtak i sak 62/2026 i plan- og miljøutvalet.
Vedlegg
Forslag frå V. Frantzen (DNI)
Administrasjonen skal jobbe med området for teknisk kjøring dersom ei ny lov opnar for slike område. Arbeidet skal då gjennomførast så effektivt og raskt som mogleg så snart ei slik lovendring er trått i kraft.