Hopp til hovudinnhaldet
01

Formannskapet sitt framlegg til vedtak

Innstilling Publisert

Kommunestyret støttar vidareføring av prosjektet «Raulandsfjell Skisenter» og ber kommunedirektøren:

  1. Inngå intensjonsavtalar med Uvyrslåmi Snobrettlag i høve til eventuelt eigarskap og drift, samt halde fram samarbeidet om vidare detaljprosjektering og søknadar om finansiering
  2. Kostnadar rundt riving må ein sjå i samanheng med ev salspris for anlegget, då noverande eigar har plikt til å rive
  3. Kommunedirektøren skal legge fram ein status rapport med oppdatert budsjett, for formannskapet i løpet av fyrste kvartal 2027. Det er ein føresetnad at avviket frå rapporten og budsjettet ikkje er meir enn konsumprisindeksen for same periode
  4. Det er ein føresetnad at annan finansiering er på plass, før ein betalar ut meir enn kostnadane til detaljprosjektering

Dette blir finansiert slik:

  • Det blir løyvd kr 3 500 000,- for 2027 frå næringsfondet
  • Det vert løyvd kr 6 500 000,- for 2028 frå næringsfondet

Vedlegg

Les meir expand_more