Oppvekst- og velferdssutvalet sitt framlegg til vedtak
1. Kommunestyret vedtek Frivilligstrategi for Vinje kommune 2026–2030 med tilhøyrande handlingsplan.
2. Strategien skal følgjast opp årleg gjennom kommunen sin plan- og budsjettprosess.
3. Tiltak som krev økonomiske løyvingar utover gjeldande rammer, skal vurderast i samband med den ordinære budsjettprosessen.
4. Kommunedirektøren gjennomfører ei enkel statusvurdering etter det første året. Statusvurderinga skal omtale gjennomførte tiltak, erfaringar frå frivillig sektor og eventuelle behov for justeringar.
5. Det blir innbeidd eit punkt til i handlingsplanen:
15. Frivillige mot utanforskap
Avklare og etablere strukturar i kommunen for frivillig innsats mot utanforskap som eit supplement til det offentlege ansvaret. Helse og meistring og Kultur og Fritid. Hausten 2027.
Vedlegg
Forslag frå K. Kaasa (SV)
Tilleggsframlegg til tiltak 15 «Frivillige mot utanforskap»:
Som del av arbeidet greier kommunedirektøren ut korleis Vinje frivilligsentral kan få ein fast og synleg stad med faste opningstider, som også fungerer som ein open og lågterskel sosial møteplass der innbyggjarane kan koma innom utan avtale.
Utgreiinga skal mellom anna vurdere bruk av eksisterande kommunale lokale, faste tider der kommunale tenester også kan vera til stades for rettleiing og hjelp, korleis tilbodet kan gjerast kjent og nå innbyggjarar i heile kommunen, og kostnader og finansiering.