Saka vert utsett. Søkjar må koma attende med ein plan som syner korleis ein tenkjer å ivaretaka landbruksdrifta på eigedomen.
Vidare etter siste punktum i punkt 1:
I tillegg til argumenta frå rådmannen viser ein også til at det fins konkrete bodgjevarar som vil kunne styrkje busetnaden, og som potensielt vil kunne få konsesjon. Ein kan ikkje sjå at det ligg ein driftsmessig god løysing slik konsesjonssøknaden ligg føre. Ein bør drive forvaltning av arealressursane der dei ligg, ut i frå eit berekraftig hensyn. Ein ser det som mogeleg å hente inntekter frå drift av garden ut ifrå eit landbruks hensyn. Det er lite i konsesjonssøknaden som viser at intensjonen er å drive garden som ein landbrukseigendom. Viser til konsesjonslova paragraf 9, punkt 4, dette kan ein ikkje sjå at blir tatt hensyn til slik konsesjonssøknaden ligg føre.
Vi gir Mai K. Gunnarsli og Knut Gunnarsli, i medhald av konsesjonslova paragraf 9, konsesjon på erverv av landbrukseigedomen 167/2,4 i Vinje som omsøkt. Saksutgreiinga har synt at søkjarane er skikka til å få konsesjon.
Det er eit vilkår at søkjarane må busette seg på eigedomen innan 01.02.25, og ha eigedomen som sin reelle bustad i minst 5 år, jfr konsesjonslova prgf 6.
Liv Bente Tvenge