Votering er ferdig i denne saka.
Resultat av votering
10:00 Utsettelsesforslag frå PP
Saka vert utsett til forholdet med Allstad Grunneiendom AS er avklara i tråd med k.styre vedtak 19.9.24
FOR
1 Knut William Bygland PensjonistpartietMOT
14 Gro Tove Frafjord Sandnes Senterpartiet Tor Kasin Senterpartiet Jørund Kvaale Hansen Senterpartiet Vigdis Beisland Senterpartiet Aslaug Simonstad Sitje Høgre Knut Vatsend Høgre Anne Eikerapen Høgre Markus Åsen Høgre Olaf Håkon Tørresen Høgre Camilla Josefine Høibraaten Høgre May Britt Stenjor Arbeidarpartiet Runar Flåt Granheim Arbeidarpartiet Anne Løyland Arbeidarpartiet Finn Håkon Borgi Arbeidarpartiet10:18 Forslag frå Sp og Ap
Punkt a, under punkt 1: Dispensasjon gjeld i inntil 9 år frå vedtaksdato, strykes.
Nytt punkt a, under punkt 1:
Dispensasjon gjeld fram til revidering av reguleringsplan er på plass. Dispensasjonen vert då oppheva. Ein starter revidering av reguleringsplan snarast mogleg, seinast hausten 2025.
Punkt c, under punkt 1: Tiltak må ikkje vere til hinder for tilkomst med køyretøy til pumpehus strykes.
Nytt punkt c. under punkt 1:
Tiltak må ikkje vere til hinder for tilkomst med køyretøy til rigging av vassrøyr og lodd til drift av pumpehus.
Nytt punkt d, under punkt 1:
Konflikt med støy frå pumpehus må ikkje gå på bekostning av bruk av pumpehus til vatning av jordbruksareal. Avtalen mellom kommunen og Nesodden Industribygg AS må reviderast, og ein må få inn følgande punkt:
«Skulle det oppstå konflikt mellom bubilar og støy frå pumpehus, må bubilparkeringane omfatta av støy stengast i perioden vatning pågår og pumpehuset er i bruk.
FOR
13 Vigdis Beisland Senterpartiet Gro Tove Frafjord Sandnes Senterpartiet Tor Kasin Senterpartiet Jørund Kvaale Hansen Senterpartiet Knut William Bygland Pensjonistpartiet Anne Eikerapen Høgre Olaf Håkon Tørresen Høgre Aslaug Simonstad Sitje Høgre Camilla Josefine Høibraaten Høgre Anne Løyland Arbeidarpartiet May Britt Stenjor Arbeidarpartiet Runar Flåt Granheim Arbeidarpartiet Finn Håkon Borgi ArbeidarpartietMOT
2 Knut Vatsend Høgre Markus Åsen Høgre10:19 Innstilling
- I medhald av plan- og bygningsloven §§ 19-2 og 19-3 blir det gjeve mellombels dispensasjon frå byggeforbod langs Byglandsfjorden og frå regulerings plan for Presteneset for etablering av 16 plassar til bubilparkering og plassering av tømmestasjon med toalett og dusj som omsøkt på følgande vilkår:
- Dispensasjon gjeld i inntil 9 år frå vedtaksdato.
- SPA 3 må opparbeidast i samsvar med plan og det må vere avsett plass til og skilta minst 1 stk HC-parkering.
- Tiltak må ikkje vere til hinder for tilkomst med køyretøy til pumpehus.
- Dispensasjon gjeld i inntil 9 år frå vedtaksdato.
- Området har stor almenn interesse og kommunen har fleire andre søknader/initiativ om etableringar i området, det må difor bli det sett i gong arbeid med planendring frå hausten 2025.
- Dispensasjon fell bort dersom tiltaket ikkje vert sett i gong innan 3 år, det same gjeld dersom tiltaket stoppar opp i lengre tid enn 2 år, fristen kan ikkje forlengast, jfr. Plan- og bygningsloven § 21-9.
- Ein kan ikkje sjå at tiltaket bryt med prinsippa i Naturmangfaldlova, eller fører til negative konsekvensar for økosystem eller miljøet jfr §§ 8-12, jfr §7. Grunngjeving for å gi mellombels dispensasjon i inntil 10 år er at ein ikkje kan sjå at tiltaket setter føremålet med loven eller planen vesentleg til side. Føremålet med reguleringsplanen på Presteneset er ma. å legge til rette for tenesteyting og næring. Fordelen med å gi ein mellombels dispensasjon er at området blir opparbeidd og bruka inntil det evt. kjem andre tiltak i området. Opparbeiding som blir utført no vil ikkje gjere det vanskelegare å gjennomføre reguleringsplanen slik den er vedteken. Opparbeidinga medfører heller ikkje eit stort irreversibelt tiltak som vil vanskeleggjere å evt. endre planen seinare.