Punkt a, under punkt 1: Dispensasjon gjeld i inntil 9 år frå vedtaksdato, strykes.
Nytt punkt a, under punkt 1:
Dispensasjon gjeld fram til revidering av reguleringsplan er på plass. Dispensasjonen vert då oppheva. Ein starter revidering av reguleringsplan snarast mogleg, seinast hausten 2025.
Punkt c, under punkt 1: Tiltak må ikkje vere til hinder for tilkomst med køyretøy til pumpehus strykes.
Nytt punkt c. under punkt 1:
Tiltak må ikkje vere til hinder for tilkomst med køyretøy til rigging av vassrøyr og lodd til drift av pumpehus.
Nytt punkt d, under punkt 1:
Konflikt med støy frå pumpehus må ikkje gå på bekostning av bruk av pumpehus til vatning av jordbruksareal. Avtalen mellom kommunen og Nesodden Industribygg AS må reviderast, og ein må få inn følgande punkt:
«Skulle det oppstå konflikt mellom bubilar og støy frå pumpehus, må bubilparkeringane omfatta av støy stengast i perioden vatning pågår og pumpehuset er i bruk.
I medhald av plan- og bygningsloven §§ 19-2 og 19-3 blir det gjeve mellombels dispensasjon frå byggeforbod langs Byglandsfjorden og frå regulerings plan for Presteneset for etablering av 16 plassar til bubilparkering og plassering av tømmestasjon med toalett og dusj som omsøkt på følgande vilkår:
Dispensasjon gjeld i inntil 9 år frå vedtaksdato.
SPA 3 må opparbeidast i samsvar med plan og det må vere avsett plass til og skilta minst 1 stk HC-parkering.
Tiltak må ikkje vere til hinder for tilkomst med køyretøy til pumpehus.
Området har stor almenn interesse og kommunen har fleire andre søknader/initiativ om etableringar i området, det må difor bli det sett i gong arbeid med planendring frå hausten 2025.
Dispensasjon fell bort dersom tiltaket ikkje vert sett i gong innan 3 år, det same gjeld dersom tiltaket stoppar opp i lengre tid enn 2 år, fristen kan ikkje forlengast, jfr. Plan- og bygningsloven § 21-9.
Ein kan ikkje sjå at tiltaket bryt med prinsippa i Naturmangfaldlova, eller fører til negative konsekvensar for økosystem eller miljøet jfr §§ 8-12, jfr §7. Grunngjeving for å gi mellombels dispensasjon i inntil 10 år er at ein ikkje kan sjå at tiltaket setter føremålet med loven eller planen vesentleg til side. Føremålet med reguleringsplanen på Presteneset er ma. å legge til rette for tenesteyting og næring. Fordelen med å gi ein mellombels dispensasjon er at området blir opparbeidd og bruka inntil det evt. kjem andre tiltak i området. Opparbeiding som blir utført no vil ikkje gjere det vanskelegare å gjennomføre reguleringsplanen slik den er vedteken. Opparbeidinga medfører heller ikkje eit stort irreversibelt tiltak som vil vanskeleggjere å evt. endre planen seinare.
Saka vert utsett til forholdet med Allstad Grunneiendom AS er avklara i tråd med k.styre vedtak 19.9.24