Hopp til hovudinnhaldet

Behandling

Runar Flåt Granheim (Arbeidarpartiet) fremja følgjande forslag:

Orientering frå ordførar

Kommunestyret vil få saka om ferdighandsaming av reguleringplan for Frøysnes,- Rv9 til handsaming i neste møte.

Vi har møte med Statens Vegvesen i morgon for ei avklaring i høve fartsgrenser og trafikksikkerheit og avkøyringer i høve oppstart av reguleringsplanarbeidet for Prestneset.

Minnar om fredningsmarkering for Bjoren på laurdag frå klokka 12 ved Brygga på Bygland. Fylkesordførar vi også vere tilstades der, det blir ei høgtideleg markering av dette.

Det er enda ikkje heilt landa dato for avdukinga av Langeidsverdet i rundkøyringa, der ventar ein på nokre uttalr i høve byggesaka.

Minnar også om at Landskappleiken arrangerast på Hovden, med stor åpningsseremoni den 24.06.

Fyrstkomande måndag arrangerast Verdas Største Gangarring, med elevar frå Bykle, Valle og Bygland på Bygland Museum. Der har elevane ein heil dag saman med leik og dans og moro, er god reklame både for kulturarven og for Bygland.

Det blir ei lengre orientering i kommunestyremøtet den 23.06.

Vedtak