Forslag

Realisering av nye hybelbygg - Hovden skigymnas

01
Innstilling
Innstilling
Behandlet

Kommunestyret sluttar seg prinsippa som ligg i saksutgreiinga vedrørande investering og drift med etablering av nye hybelbygg for Hovden Skigymnas.

Ein legg til grunn at det er pårekneleg med monaleg delfinansiering frå Agder fylkeskommune.

Kommunestyret godkjenner avtale med Agder fylkeskommune vedlagt saka.

Kommunen sitt investeringsbidrag på kr. 20 millionar blir finansiert frå næringsfondet. I tillegg kjem årleg løyving til Agder fylkeskommune til inndekking tilsvarande lånefinansieringa av 65 millionar fordelt over 30 år .

Drift av hybelbygg skal basere seg mest mogleg på sjølvkostprinsipp, men med driftsbidrag frå kommunen. Ved auke i driftskostnadar av hybelbygg må ein finne inndekking gjennom omprioritering innafor næringsramma og generell drift. Dette blir konkretisert og innarbeidd i budsjettdrøfting for 2026.

Vedlegg

Les meir