Kommunestyret vil spele inn desse momenta til arbeidet med å revidere
eigarstrategien i Å Energi AS:
• Å Energi AS skal vere ein påliteleg leverandør av straum til hushald og
næringslivet som balanserer samfunnsansvaret med forretningsmessige
prinsipp på ein klok måte. Transparens og openheit må liggje til grunn for
selskapet si verksemd.
• Vasskraftproduksjon og kraftnettverksemd i Noreg vert definert som
kjerneverksemda til Å Energi AS.
• Investeringar i andre verksemdsområde må tuftast på svært grundige
risikovurderingar. Fullmaktsstrukturen i selskapet må utformast slik at
terskelen er låg for å involvere eigarane i investeringsavgjerder som ikkje gjeld
kjerneverksemda.
• Eit stabilt og konkurransedyktig utbyttenivå er avgjerande for å oppretthalde
den regionale eigarskapen i selskapet.
• Nokre av styremedlemene valde av dei samordna kommunane må ha god
regional forankring.
• Eigarkommunane bør få ein observatør oppnemnd av kommunedirektørane
med møte- og talerett i AU.
• Å Energi bør ta eit særleg samfunnsansvar for forretningsutvikling og
tilrettelegging for etablering av relaterte (kraftkrevjande) verksemder i viktige
produksjonskommunar.
Rammevilkåra for landbasert vindkraft har endra seg sidan fusjonen. Spørsmålet om
selskapet skal involvere seg i landbasert vindkraft bør difor diskuterast grundig i
samband med revideringa av eigarstrategien. Fram til det ligg føre ein ny felles
eigarstrategi for Å Energi, skal formuleringa i Samordningsavtalen punkt 6.4 om
vindkraft på land, «Det er venta at Selskapet ikkje engasjerer seg i vindkraft på land»
ikkje vere det gjeldande styringssignalet til Å Energi.