1. Bykle kommune finn ikkje grunn til å ta klagen frå Nystøyl velforeining og
ressursgruppa for hyttevel i Bykle kommune til følgje.
2. I samsvar med plan- og bygningslova § 12-12, jf. § 1-9, blir klagen send til
Statsforvaltaren i Agder med følgjande fråsegn:
Kommunen sluttar seg til vurderinga til kommunedirektøren slik ho går fram av
dette saksframlegget, og meiner at klagen ikkje bør takast til følgje.
3. Klagen får ikkje utsetjande verknad for reguleringsvedtaket til kommunestyret
(forvaltingslova § 42) fordi forholda det er klaga på, ikkje påverkar byggjeområde
på ein slik måte at igangsetjing av tiltak innanfor planområdet må stansast