Hopp til hovudinnhaldet

Votering er ferdig i denne saka.

Resultat av votering

18:38 Innstilling

Bykle kommune sine kommentarar til dei enkelte tiltaka er framheva i saksframlegget, men kommunestyret vil særleg legge vekt på:

  • Bykle kommune er og vil vere ein viktig villreinkommune i åra som kjem.
    • Kommunen støttar målsettinga om å sikre og bidra til å betre tilstanden for villreinen i Setesdal Ryfylke og Setesdal Austhei.
      • Kommunen meiner at hovudfokus må vere på avbøtande tiltak knytt til dei store infrastrukturbarrierane som avskjer naturlege samanhengande leveområde. Særleg bør staten ta grep for å gjere villreinfjellet større att, til dømes ved å legge eit lengre strekk av riksveg 9 nord om Hovden i kulvert med overdekking og revegetering / tunnell for å re- etablere trekk mellom Setesdal aust- og vesthei.
        • Kommunen etterlyser konsekvensvurderingar av tiltaksplanen opp mot nasjonale forventingar om berekraftige og levande lokalsamfunn, inkludert samla og langsiktige verknader for sosial, miljømessig og økonomisk berekraft. Ein etterlyser konsekvensvurderingar knytt til enkelt-tiltaka og sumverknadar av dei samla tiltaka ein ser føre seg gjennomført i kommunen i høve samfunnsutviklinga lokalt.
          • Tiltak må byggje på kunnskap og utformast i dialog med grunneigarar, rettshavarar, brukarar og kommunen. Summen av verknadane må vurderast, og tiltaka må fordelast forhaldsmessig mellom brukarinteressene. Ein meiner og at ein bør prioritere store og viktige tiltak med pårekneleg stor effekt/ nytte for villreinen.
            • Kommunen oppmodar difor på generelt grunnlag at statlege organ bør samordne aktivitet og verkemiddel i villreinfjella før kommunane blir pålagde mindre effektive tiltak.

              Kommunen vil peike på at ein er uroleg for at iversetting av mange og ulike tiltak i sum og samtidig kan gjere det vanskeleg å måle effekten av kvart tiltak

              Kommunen ber og om at ordninga med samjakt blir vurdert i høve måla for leveområdeforvaltning

              Godkjenner innstillinga med endringa føreteke i møtet

              Vedteke

              FOR

              7
              Espen Wolles Mikkelsen Venstre Sigmund Alfson Trydal Senterpartiet Olav Skinnarland Kristeleg Folkeparti Anne Merethe Hjemdahl Høgre Thor Almar Thorstensen Høgre Nina Skiftenes Bygdelista Sondre Hoslemo Arbeidarpartiet

              MOT

              0