Høyring-Forslag til tiltaksplan etter kvalitetsnormen for villrein i Setesdal Ryfylke og Setesdal Austhei villreinområde
Innstilling
Bykle kommune sine kommentarar til dei enkelte tiltaka er framheva i saksframlegget, men kommunestyret vil særleg legge vekt på:
- Bykle kommune er og vil vere ein viktig villreinkommune i åra som kjem.
- Kommunen støttar målsettinga om å sikre og bidra til å betre tilstanden for villreinen i Setesdal Ryfylke og Setesdal Austhei.
- Kommunen meiner at hovudfokus må vere på avbøtande tiltak knytt til dei store infrastrukturbarrierane som avskjer naturlege samanhengande leveområde. Særleg bør staten ta grep for å gjere villreinfjellet større att, til dømes ved å legge eit lengre strekk av riksveg 9 nord om Hovden i kulvert med overdekking og revegetering / tunnell for å re- etablere trekk mellom Setesdal aust- og vesthei.
- Kommunen etterlyser konsekvensvurderingar av tiltaksplanen opp mot nasjonale forventingar om berekraftige og levande lokalsamfunn, inkludert samla og langsiktige verknader for sosial, miljømessig og økonomisk berekraft. Ein etterlyser konsekvensvurderingar knytt til enkelt-tiltaka og sumverknadar av dei samla tiltaka ein ser føre seg gjennomført i kommunen i høve samfunnsutviklinga lokalt. 
- Tiltak må byggje på kunnskap og utformast i dialog med grunneigarar, rettshavarar, brukarar og kommunen. Summen av verknadane må vurderast, og tiltaka må fordelast forhaldsmessig mellom brukarinteressene. Ein meiner og at ein bør prioritere store og viktige tiltak med pårekneleg stor effekt/ nytte for villreinen.
- Kommunen oppmodar difor på generelt grunnlag at statlege organ bør samordne aktivitet og verkemiddel i villreinfjella før kommunane blir pålagde mindre effektive tiltak.
Kommunen vil peike på at ein er uroleg for at iversetting av mange og ulike tiltak i sum og samtidig kan gjere det vanskeleg å måle effekten av kvart tiltak
Kommunen ber og om at ordninga med samjakt blir vurdert i høve måla for leveområdeforvaltning
Godkjenner innstillinga med endringa føreteke i møtet
Vedlegg
Punkt 16. Forslag frå S. A. Trydal (Sp)
Vedlegg
Nytt utvida tiltak 34. Forslag frå S. A. Trydal (Sp)
Nytt tiltak:
Kunnskapsinnhenting om årsaker til at delar av Setesdal vest ikkje blir brukt av villrein. (tilsvarende som punkt om setesdal austhei)
Vedlegg
Utvida/nytt tiltak 34. Forslag frå S. A. Trydal (Sp)
Nytt tiltak: Det bør være eit eige tiltak/punkt å gjennomgå kartgrunnlaget for både Setesdal austhei og Setesdal vesthei. Dagens kartgrunnlag er vel i prinsippet basert både på naturfaglege vurderingar slik som td kartlaga i naturbase (mdir) blant desse er ma leveområde, kalvingsområde og trekkområde. I tillegg til desse har me dei politisk beslutta i Heiplanen
slik som nasjonalt villreinområde, ulike omsynsoner, bygdeutviklingssone, fleire?
Det vil alltid bli ei «grense» når det settast strek på eit kart og for dei «politisk» beslutta vil dette uansett bli ei «byråkratisk» grense. (på godt og vondt)
Når det gjelder dei naturfaglege er det kanskje meir eit spursmål om dei fangar verkelegheita, spesielt tydeleg blir dette i overgangar mellom dei ulike områda. Når er arealet ein del av leveområdet? Er det mogleg å definere ei nokolunde lik omsynsone/buffersone inn mot leveområdet? I dag er store områder ute av bruk, bør dei merkes i kart slik at dette kjem
frem i videre arbeid? Områder som idag er definert som leveområde for villrein er nedbygde med hus/hytter og alpinanlegg, er dette realistisk og bør dei då inngå i leveområdet? Skaper dette unødvendig forvirring og kanskje også konflikt? Kanskje desse diverre må inngå i eit kartlag som heiter historisk leveområde for villrein? Det er også døme på (mindre)områder der det er registert dels mykje aktivitet frå gps merka dyr, men som er utafor biologisk leveområde. Det må også gås opp kva som skal vere teljande villreinareal med tanke på tildeling av fellingsløyve, her må også rettighetshavere ta stilling til oppside ved tilding av fellingsløyve VS mogleg nedside med bandlegging på andre områder..
Vedlegg
Tiltak 39 Forslag frå S. A. Trydal (Sp)
Tiltak 39:
Anbefale 39 I A eller B litt avhengig av kva tolking
som ligger til grunn for omgrepet allmenn tilgang.BK ser det som ein stor fordel at desse tiltaka vil stoppe ferdselen tilstrekkeleg langt unna til at det blir attraktivt eller realistisk å bruke sykkel videre innover om ein ikkje uansett har løyve til å passere tunnel. Slik sett høyrer det også saman med tiltak 40 om gjenopning av tunnel samt fjerning av dagens veg frå øvre Moen til Oddatjønn og tiltak 41 om å forby sykling kun frå bommen ved Beinlei.
Fordeler:
• Sett i eit villreinperspektiv det klart mest effektive
• Ved å fjerne dagens brukte veg og bruke port i tunnel (ikkje bare ein bom) vil sykkelproblematikk være løyst utan at det trengs tunge prosessar for å kunne forby sykling og evt handheving i etterkant.
• Tiltaket vil fjerne så mykje ferdsel at det bør kunne vurderast å lette litt på dagens regime (NVE vedtak) ved bommer på Venehei, Beinlei og kanskje også anleggsveg til Skreivasskleivane for rettighetshavere.
Desse er truleg viktige for å sikre lokal forankring av tiltakene. For å evt avgrense desse rettighetshaverne kan man slik sett også velje mellom alt 39 I eller II. Eller avgrense til eit gitt antall turer.
Vedlegg
Tillegg 41. Forslag frå S. A. Trydal (Sp)
Bykle kommune meinar brukarar av Bykle statsalmenning må sikrast ein betre og meir rasjonell tilkomst enn idag (er uansett ein heilt marginal bruk, sjå også kommentar til forslag 39.)
Vedlegg
Tiltak 42. Forslag frå S. A. Trydal (Sp)
Ikkje uttale til dette punktet
Vedlegg
Tiltak 43. Forslag frå S. A. Trydal (Sp)
Tiltaket omfatter også Bykle fjellstyre
Vedlegg
Tiltak 45. Forslag frå S. A. Trydal (Sp)
Nytt tiltak:
I tilknyting til punktet over bør verneforskrift for Steinbuskaret – Hisdal foreslås revidert. Med begrunnelse å skjerpe kravet der fokus bør være i Steinbuskaret og trekket der. I dag omfattar også dette vernet med ferdselsforbod den innerste garden ved Botsvatn (Bratteli/statskog). Dette fremstår som ein inkurie og hindrar rasjonell bruk av dette området samstundes som hensikta glepper fullstendig ved at DNT løypa er unntatt i det området som ønskes skjerma.
Vedlegg
Tiltak 54. Forslag frå S. A. Trydal (Sp)
Fjerne del av vegen i starten for å blokkere trafikk opp i Uraråjuvet.
Vedlegg
Tiltak 55. Tilleggsforslag frå S. A. Trydal (Sp)
tilleg: evt som del av vilkårsrevisjon
Vedlegg
Tiltak 65. Forslag frå S. A. Trydal (Sp)
Forslag:
BK støtter nedleggelse av løype rundt nordre Auvervasseggi med tilhørende tilførselsløyper.
Dette føreset at det kan finnast alternative løyper som på ein god måte sikrer Hovden som skisdestinasjon attraktive løyper og sikre traseer for gjennomføring av skirenn som td Hovden tour.
Vedlegg
Tiltak 69. Forslag frå S. A. Trydal (Sp)
Det er også bru over kanal mellom Breivevatn og Hartevatn er også nemnt inne i
tekst til tiltak 69, men dette er ikkje i tilknytning til Veringsåne kraftverk, burde evt
vært satt opp i eige punkt.
Vedlegg
Omskriving side 30. Forslag frå S. A. Trydal (Sp)
Omskriving av 2 avsnitt side 30 av 31:
