Votering er ferdig i denne saka.
Resultat av votering
20:01 Planutvalet si innstilling
Bykle kommune sine kommentarar til dei enkelte tiltaka er framheva i saksframlegget [med endringar frå planutvalet], men kommunestyret vil særleg legge vekt på:
- Bykle kommune er og vil vere ein viktig villreinkommune i åra som kjem. 
- Kommunen støttar målsettinga om å sikre og bidra til å betre tilstanden for villreinen i Setesdal Ryfylke og Setesdal Austhei. 
- Kommunen meiner at hovudfokus må vere på avbøtande tiltak knytt til dei store infrastrukturbarrierane som avskjer naturlege samanhengande leveområde. Særleg bør staten ta grep for å gjere villreinfjellet større att, til dømes ved å legge eit lengre strekk av riksveg 9 nord om Hovden i kulvert med overdekking og revegetering / tunell for å re-etablere trekk mellom Setesdal aust- og vesthei. 
- Kommunen etterlyser konsekvensvurderingar av tiltaksplanen opp mot nasjonale forventingar om berekraftige og levande lokalsamfunn, inkludert samla og langsiktige verknader for sosial, miljømessig og økonomisk berekraft. Ein etterlyser konsekvensvurderingar knytt til enkelt-tiltaka og sumverknadar av dei samla tiltaka ein ser føre seg gjennomført i kommunen i høve samfunnsutviklinga lokalt. 
- Tiltak må byggje på kunnskap og utformast i dialog med grunneigarar, rettshavarar, brukarar og kommunen. Summen av verknadane må vurderast, og tiltaka må fordelast forhaldsmessig mellom brukarinteressene. Ein meiner og at ein bør prioritere store og viktige tiltak med pårekneleg stor effekt/ nytte for villreinen. 
- Kommunen vil peike på at ein er uroleg for at iverksetting av mange og ulike tiltak samtidig, og det kan gjere det vanskeleg å måle effekten av kvart tiltak.
- Kommunen ber og om at ordninga med samjakt blir vurdert i høve måla for stamme- og leveområdeforvalting.
- Kommunen oppmodar difor på generelt grunnlag at statlege organ bør samordne aktivitet og verkemiddel i villreinfjella før kommunane blir pålagde mindre effektive tiltak. 
Vedteke
FOR
8 Espen Wolles Mikkelsen Venstre Anne Karin Blix Grimestad Uavhengig Sigmund Alfson Trydal Senterpartiet Bjørn Erling Bakken Auestad Høgre Roy Bakke Høgre Åsmund Hoslemo Bykle bygdeliste Hedda Helene Schaanning Arbeidarpartiet Inger Lise Gjerden ArbeidarpartietMOT
020:02 Innstilling
Planutvalets innstilling, pluss Hedda og Steinars forslag
Samrøystes vedteke
