Høyring-Forslag til tiltaksplan etter kvalitetsnormen for villrein i Setesdal Ryfylke og Setesdal Austhei villreinområde
Innstilling
Planutvalets innstilling, pluss Hedda og Steinars forslag
Vedlegg
Planutvalet si innstilling
Bykle kommune sine kommentarar til dei enkelte tiltaka er framheva i saksframlegget [med endringar frå planutvalet], men kommunestyret vil særleg legge vekt på:
- Bykle kommune er og vil vere ein viktig villreinkommune i åra som kjem. 
- Kommunen støttar målsettinga om å sikre og bidra til å betre tilstanden for villreinen i Setesdal Ryfylke og Setesdal Austhei. 
- Kommunen meiner at hovudfokus må vere på avbøtande tiltak knytt til dei store infrastrukturbarrierane som avskjer naturlege samanhengande leveområde. Særleg bør staten ta grep for å gjere villreinfjellet større att, til dømes ved å legge eit lengre strekk av riksveg 9 nord om Hovden i kulvert med overdekking og revegetering / tunell for å re-etablere trekk mellom Setesdal aust- og vesthei. 
- Kommunen etterlyser konsekvensvurderingar av tiltaksplanen opp mot nasjonale forventingar om berekraftige og levande lokalsamfunn, inkludert samla og langsiktige verknader for sosial, miljømessig og økonomisk berekraft. Ein etterlyser konsekvensvurderingar knytt til enkelt-tiltaka og sumverknadar av dei samla tiltaka ein ser føre seg gjennomført i kommunen i høve samfunnsutviklinga lokalt. 
- Tiltak må byggje på kunnskap og utformast i dialog med grunneigarar, rettshavarar, brukarar og kommunen. Summen av verknadane må vurderast, og tiltaka må fordelast forhaldsmessig mellom brukarinteressene. Ein meiner og at ein bør prioritere store og viktige tiltak med pårekneleg stor effekt/ nytte for villreinen. 
- Kommunen vil peike på at ein er uroleg for at iverksetting av mange og ulike tiltak samtidig, og det kan gjere det vanskeleg å måle effekten av kvart tiltak.
- Kommunen ber og om at ordninga med samjakt blir vurdert i høve måla for stamme- og leveområdeforvalting.
- Kommunen oppmodar difor på generelt grunnlag at statlege organ bør samordne aktivitet og verkemiddel i villreinfjella før kommunane blir pålagde mindre effektive tiltak. 
Vedlegg
Forslag frå Steinar Haugen (Sp) punkt 1
I Setesdal Vesthei, Ryfylkeheiane og Setesdal Austhei er det ein unik natur vi kan være stolte av. Fjellet har hatt og har stor betydning for bygdene rundt. Dette gjeld også for ulike næringsinteresser som jordbruk, vannkraftproduksjon, reiseliv og i friluftssamanheng (jakt/fiske). Villreinen har ein sentral plass i Norsk natur og det er eit nasjonalt mål att villreinens leveområde skal sikrast. Store Urevatn ligg i Setesdal Vesthei, vatnet vart regulert etter konsesjon gjeve i 1949.Dei første reguleringane var ferdige i 1952.I 1987 vart det satt i gang eit nytt byggetrinn for og sikre vatn til 3 aggregat i Holen kraftstasjon, samtidig vart dei gamle dammane i frå 1952 rehabiliterte. Siste byggetrinn i Urevatn utbygginga var i 1998 då ein bygde ny steinfyllingsdam i juvet ned mot Vatnedalsvstnet (Uraråjuvet). Etter den utbygginga heng store Urevatn saman med lisle Urevatn. I bladet villreinen frå 1996 er det eit intervju med John Haugen tidligare oppsynsmann i Setesdal Aust/Vesthei. Han seier allerede da, hvordan takle fremtiden for villreinen. Området er blitt veldig lite pga reguleringane og vi har ikkje gjort det godt for reinen. Hvis vi fortsetter i denne galoppen vi har begynt nå med utbygging av turisttrafikken, videre regulering av Stor Urar, meir sau i fjellet enn vi har i dag. Då trur vi det blir veldig trongt for villreinen, vi kan rett og slett miste reinen, fordi den ikkje finner store nok leveområder.
I kommunestyre møte 18-09-2025 fikk vi orientering i fra Otra Kraft ved Grunde Johnsen.Der vart det orientert om planer for pumpekraftverk mellom Vatnedalsvatnet og Botsvatn,og Botsvatn-store Urar.Begge prosjektene er store jobber som sikrar kommunen arbeidsplassar og liv i bygdene.Vatnedalsvatnet-Botsvatn er det alternativet som har minst og si for villreinen og folk flest men mindre lønnsomt pga høydeforskjellen.Store Urar-Botsvatn er det mest lønnsomme alternativet men har samstundes mest ulemperfor villreinen og lokalbefolkningen.Villreinen krysser/oppheld seg på isen der dei har god oversikt mot farer Rovdyr/mennesker.Eg er redd for med pumpekraftverk i Store Urar blir isen usikker med mykje svingninger i vannstand og isen blir svært usikker som i verste fall kan medføre til at dette blir Europas største dyregrav.Eg trur og håper att NINA (Norsk Institutt for Naturforskning)kjem til og anbefale Vatnedalsvatnet-Botsvatn hvis valget er det motsatte er heile høringsbrevet verdilaust og viser att kroner og ører teller mest.
Forslaget skal bli reinskriven av administrasjonen før innsending
Vedlegg
Forslag frå Steinar Haugen (Sp) punkt 2 Innspel om DNT hytte i vesle Hisdal
DNT (Den Norske Turistforening) har kjøpt 9.20/6 som ligg heilt i grensa til Hisdal Naturreservat. Vi ynskjer å uttrykke stor uro for planane om ei DNT hytte i dette området. Hytta ligger i eit viktig leveområde for villreinen,og ei hytte som ligg så nærme bilveg vil føre til betydelig meir menneskelig aktivitet i området. I Hisdal naturreservat er villreinen ofte og treffe på store deler av året,og området er ein viktig del av kalvingsområdet. Om våren trekker villreinen ned til bebyggelsen for og beite på groen.Forskning fra NINA Norsk institutt for Natur Forskning og villreinsenteret viser att utbygging og auka ferdsel er blandt dei største trugslane mot villreinen. Hvis DNT får åpne ny hytte i Vesle Hisdal vil stride mot nasjonale mål om og sikre levedyktige villreinstammer.
Forslaget vert reinskriven av administrasjonen før innsending
Vedlegg
Tilleggsforslag frå Ap
- Tiltak: 39 Blåsjøvegen - kommunestyret bør gå for alternativ A med den endringen; fra 01.08-01.10.
- Kommunen vil understreke at staten også bør se på sin egen samlede virksomhet i villreinfjellene da staten selv også har en hel del aktivitet som potensielt påvirker villreinen. 
