Innstilling
Planutvalet fremjar saka og legg planforslaget ut til høyring og offentleg ettersyn etter plan- og bygningslova § 5-2 og § 12-10.
Kommunedirektøren skal før sluttbehandlinga i planutvalet sørgje for at innhaldet i planen og framstillinga av han blir digitalisert og kvalitetssikra, og at eventuelle mindre suppleringar og justeringar blir gjorde.
Ein tek sikte på å oppheve delar av følgjande gjeldande detaljregulering for Djupetjønn hyttegrend, planID 201702, vedteken 26.04.2018, og detaljregulering for Hovden Fjellpark, planID 200705, vedteken 18.12.2008, inkludert alle seinare planendringar, delplanar og tilhøyrande føresegner, ved godkjenning av detaljregulering parkering Fjellparkvegen – Hovdenut, planID 202401.
Behandling
Sigmund Alfson Trydal (Senterpartiet) fremja følgjande forslag:
Kommunedirektøren si tilråding med:
Avklare tilslutning til veg inn til parkering i same sak
Vedtak
Innstilling vart sett opp mot Sigmund Alfson Trydal (Senterpartiet) sitt forslag
Sigmund Alfson Trydal (Senterpartiet) sitt forslag vart vedteke med 0 mot 7 stemmer.
Innstilling
Forslag frå S. A. Trydal (Sp)
Arbeidarpartiet (1/1)
Bygdelista (1/1)
Høgre (2/2)
Kristeleg Folkeparti (1/1)
Senterpartiet (1/1)
Venstre (1/1)