Hopp til hovudinnhaldet

Innstilling

Planutvalet har handsama søknaden om dispensasjon og vil i medhald av plan– og bygningslova § 19-2 avslå søknaden då omsynet bak føresegnene i § 1.1.1 (formål – hytter) og § 1.1.2 (utnyttingsgrad) i gjeldande reguleringsplan vert vurdert å bli vesentleg tilsidesett ved å gi dispensasjon. Fordelane for tiltakshavar vert ikkje vurderte å vere klart større enn ulempene etter ei samla vurdering.

Kommunedirektøren viser til vurderinga i saka.

Behandling

Det vart ikkje fremja forslag under behandlinga av saka

Vedtak

Innstilling samrøystes vedteke.