Søknad om konsesjon gnr.10 bnr.2, Nesland
Innstilling
Kim Marius Strandenæs får i medhald av konsesjonslova §§ 2 og 9 konsesjon for erverv av gnr.10 bnr.2 i Bykle kommune.
Vedlegg
Forslag frå S. A. Trydal (Sp)
Konsesjon avslås
Det er i konsesjonssøknad ikkje lagt frem nokon planar for aktiv landbruksdrift (beite osb) av eigedomen eller fast busetting.
Totalareal inkludert andel av sameige er i søknad estimert til ca 10.000 daa. Men det mangler dokumentasjon eller sannsynliggjering på at det stemmer. Med det som bakgrunn er det også tvil om kva areal eller arealandel det faktisk søkes konsesjon på.
Eit anna moment er at områda ved Nesland ikkje er kartlagt i AR 5, sjølv om areal truleg ikkje er store vil det ikkje være rett slik nibios gardskartløysing indikerer at skog og jordbruksjord er 0 daa.
I Bykle er dei fleste bruka små og har relativt svake driftsgrunnlag, då vil det vere ei betre driftsmessig løysing at bruk blei lagt til nabobruk, tilgrensende eller i nærleiken slik at grunnlaget blei betre for desse. Det beste ville være om det var bruk i drift som kjøpte desse som tilleggsjord. Det er det ikkje i dette tilfellet, men eit nabobruk som nyleg har kjøpt deler av denne eigedomen er interessert. Sjølv om dette bruket pr i dag ikkje er i drift, vil ei styrking av arealgrunnlaget gje eit framtid styrka grunnlag for aktiv drift på eigedomen.
Det er usikkert om priskontroll er relevant på denne eigedomen, men summen kommenteres kort: Kjøpesum er satt til 650 kr/ daa x 10.000 = 6,5 mill. 650 kr/ daa fremstår høgt for desse areala, og summen kan i røynda være betydeleg høgare pr daa, då tvil knytta til arealandel truleg indikerer at samla areal kan være betydeleg mindre enn dei oppgitte 10.000 daa.