Hopp til hovudinnhaldet

Votering er ferdig i denne saka.

Resultat av votering

17:44 Innstilling

Planutvalet fremjar saka og legg planforslaget ut til høyring og offentleg ettersyn etter plan- og bygningslova § 5-2 og § 12-10.

Kommunedirektøren skal før sluttbehandlinga i planutvalet sørgje for at innhaldet i planen og framstillinga av han blir digitalisert og kvalitetssikra, og at eventuelle mindre suppleringar og justeringar blir gjorde.

Ein tek sikte på å oppheva delar av følgjande gjeldande detaljregulering for Midtregionen / planID 200601, vedteken 27.09.2007, inkludert alle seinare planendringar, delplanar og tilhøyrande føresegner, ved godkjenning av detaljregulering for Ørnefjell plan ID 202303.

Før planen blir lagd ut på offentleg ettersyn, skal følgjande endringar gjennomførast:

  • Veier skal justerast slik at ikkje kantvegetasjon risikerer å bli fjerna som ei eventuell utviding av vegen
  • Det må leggast inn byggjegrenser inn på tomter der ein ligg inntill eller i nærleiken av ei nabotomt, dette går på at det skal være minst 8 meter mellom hyttene.
  • Mindre justeringar av føresegnene.
  • Skiløyper blir lagde inn i tråd med innspel frå Hovden løypekøyring.
Vedteke

FOR

6
Espen Wolles Mikkelsen Venstre Sigmund Alfson Trydal Senterpartiet Olav Skinnarland Kristeleg Folkeparti Anne Merethe Hjemdahl Høgre Nina Skiftenes Bygdelista Sondre Hoslemo Arbeidarpartiet

MOT

0