Tilråding
Bykle kommune løyver kr 750 000 til etablering av ladeinfrastruktur på Tykkås til Energyhubs AS. Løyvinga vert gjeven frå næringsramma, på vanlege vilkår, med følgjande tilleggsvilkår:
• Selskapet skal ha forretningsadresse i Bykle kommune.
• Tilsagnet fell bort dersom moglegheita for tilknyting til straumnettet ikkje er avklart innan 1. august 2026.
Behandling
Det vart ikkje fremja forslag under behandlinga av saka
Vedtak
Tilråding vedteke med 4 mot 1 stemmer.
FOR
Arbeidarpartiet (2/2)
Høgre (1/1)
Venstre (1/1)
MOT
Senterpartiet (1/1)