Klagehandsaming, konsesjonsvedtak på erverv av gnr.10 bnr.2, Nesland
01
Innstilling
Innstilling
Behandlet
Planutvalet gir konsesjon, jfr konsesjonslova §§ 2 og 9, til Kim Marius Strandenæs for erverv av gnr.10.bnr.2, og tek med dette klaga til følgje.
Vedlegg
Les meir
expand_more
02
Forslag frå S. A. Trydal (Sp)
Forslag
Behandlet
Planutvalet avslår klagen.
Grunngjeving:
- Bruket 10/2 er vurdert til å ha marginale jordressurser. I eit langsiktig perspektiv vil det då være betre å samle ressursane ved å tillegge denne jorda som tilleggsjord til nabobruk eller andre sameigepartar. Dette vil betre understøtte fremtidige generasjoners behov, framfor å oppretthalde små og marginale brukseiningar.
- I klagen ( punkt 2.5) blir det argumentert med at beitedyr ikkje er ønska av omsyn til villreinen og at store delar av arealet ligger innafor Setesdal vesthei Ryfylkeheiane landskapsvernområde( SVR), trekkområder mm. Då har ein oversett at SVR har to verneformål, der det fyrste er:
Frå verneforskriften:
III. Føremålet
Føremålet med vernet er:
1: Å ta vare på eit samanhengande, særmerkt og vakkert naturområde med urørte fjell, hei og fjellskogsområde med eit særmerkt plante- og dyreliv, stølsområde, beitelandskap og kulturminne.
2: Å ta vare på eit samanhengande fjellområde som leveområde for den sørlegaste villreinstamma i Europa.
.
- Bykle kommune har ved fleire høve uttrykt at ein vil arbeide for å utnytte beiteressursane i kommunen.
- For å oppfylle føremål under punkt 1 er beitedyr sentralt. Argument i klage knytta til beitedyr fremstår i lys av dette å vere i strid med både kommunale målsettingar og føremål i verneforskrifta.
- Frå høyringsuttale frå Bykle kommune til tiltaksplan for villrein: Kommentar pkt 25-27 frå Bykle kommune: Det kan no ytast tilskott til slike gjennom ordninga organisert beitebruk. Å oppretthalde kulturlandskap i fjellet, og å utnytte utmarksbeite er eit av Noregs viktigaste fortrinn. Det må ikkje utvikle seg eit narrativ om at sauenæringa øydelegg for villrein. Dei har eksistert side om side i hundrevis av år.
- Ved å tillegge 10/2 som tilleggsjord vil samla belastning i området gå ned då det vil bli færre parter/ sameigarar som skal bruke området, motorferdselløyver mm.
I avslaget legges det til grunn at det er interesserte kjøpere ( nabobruk og/ eller andre sameigeparter) av 10/2 som tilleggsjord.
Vedlegg
Les meir
expand_more