Hopp til hovudinnhaldet

Votering er ferdig i denne saka.

Resultat av votering

16:45 Innstilling

Bykle kommune har etter ny vurdering kome til at omsynet bak LNF-omgrepet ikkje vesentleg blir tilsidesett ved å gje dispensasjon til merking av øvingsområde, og at fordelane ved å gje dispensasjon er klart større enn ulempene. I det ligg ei vurdering av at omsynet til liv og helse for 3.person veg tyngre enn omsynet til forstyrringar på beite for villrein.

Bykle kommune imøtekjem difor delar av klaga og gjev dispensasjon i medhald av § 19-2 i plan- og bygningslova for å merke Geiskeli Skyte – og øvingsfelt slik det er søkt, slik at igongverande bruk kan fortsette.

Dispensasjon blir gitt på følgjande vilkår:

  • Merking skal skje så tidleg som råd om sommaren, helst i juni.
  • Dersom øvingsområdet ikkje lenger blir nytta skal merkinga fjernast innan 3 år.
  • Bykle kommune kan handsame byggesøknad administrativt når fullstendig søknad ligg føre.
  • Vilkår om utarbeiding av reguleringsplan gjeld framleis, og kommunen forventar oppstart med det første. Inntil slik godkjent plan ligg føre er det eit vilkår at det blir lagt fram ei samarbeidsavtale / rutinar for varsling og samordning av øvingsaktivitet mellom forsvaret, kommunen og stammeforvaltinga og sentrale beredskapsaktørar.
Vedteke

FOR

4
Olav Skinnarland Kristeleg Folkeparti Bjørn Erling Bakken Auestad Høgre Anne Merethe Hjemdahl Høgre Sondre Hoslemo Arbeidarpartiet

MOT

3
Espen Wolles Mikkelsen Venstre Sigmund Alfson Trydal Senterpartiet Nina Skiftenes Bygdelista