Etablering av skikulvert i Midtregionen
Tilråding
Kommunestyret i Bykle vedtar etablering av skikulvert i tråd med gjennomføringsavtala som er vedlagt i saka.
Kostnadane til etablering av skilkulvert jf. avtalen; kr 11,88 millionar kroner eks mva, har inndekking frå driftsreguleringsfondet og 3 millionar frå fond knytt til utbyggingsavtaler i midt-regionen.
Administrasjonen gis fullmakt til å søkje ekstern delfinansiering for å redusere kommunen sin del. Ekstern med-finansiering blir tilbakeført til fond etter kvart som ein får tilsegn.
Vedlegg
Forslag frå Ap, H og BB
Kommunestyret i Bykle godkjenner avtalen som vedlagt i saka. Kostnadane i avtalen; kr 11,88 millionar eks mva, dekkast frå næringsfondet og 3 millionar frå fond knytt til utbyggingsavtaler i midt-regionen. Løyvinga vert ytt som tilskott med utbetaling i 2026 og 2027. Det vert søkt ekstern støtte med spelemiddel og regionale middel, i tillegg til at det det blir lagt inndekking/ forskottert ledige middel frå utbyggingsavtalefondet for Midt-regionen. Ekstern medfinansiering vert tilbakeført næringsfondet etter kvart som ein får tilsegn.
Eit vilkår er at fylgjande løyper ikkje blir preparert før tidlegast helga før veke 7 og resten av vinteren frå og med sesongen 2025-2026;
1. Løype nr. 4, rundløype rundt nordre Auersvasseggi frå kryss 32 til kryss 35.
2. Løype nr. 5, frå kryss 38 ved Hartevasstjønn til kryss 34, «Maurliflotti»
3. Løype nr. 6 frå kryss 43 til kryss 40 (Maurli-Maurliflotti)
Følgende løype stengast permanent for preparering;
1. Løype 7, fra kryss 42 til kryss 41, frå Maurliflotti til Auersvatn.
Overståande regime gjeld for sesongene 25/26 og 26/27, og skal evaluerast i samråd med viltutval og villreinnemnd før sesong 27/28.