Innstilling
Planutvalet har handsama søknaden om dispensasjon og vil, i medhald av plan- og bygningslova § 19-2, avslå søknad om dispensasjon frå kommuneplanen sin arealdel – LNF-føremål, då omsyna bak føresegna vert vurderte å bli vesentleg tilsidesette, og då fordelane ved å gi dispensasjon ikkje er klart større enn ulempene etter ei samla vurdering.
Planutvalet vil samstundes, i medhald av plan- og bygningslova § 19-2, imøtekome søknad om dispensasjon frå byggegrense mot kommunal veg, då omsyna bak føresegna ikkje vert vurderte å bli vesentleg tilsidesette ved å gi dispensasjonen, og då fordelane ved å gi dispensasjon er klart større enn ulempene.
Kommunedirektøren viser til vurderinga i saka.
Behandling
Olav Skinnarland (Kristeleg Folkeparti) fremja følgjande forslag:
Søker får løyve til å sette opp «fiskebu» med mulighet for overnatting som omtalt i søknaden.
Vedtak
Innstilling vart sett opp mot Olav Skinnarland (Kristeleg Folkeparti) sitt forslag
Olav Skinnarland (Kristeleg Folkeparti) sitt forslag vart vedteke med 1 mot 5 stemmer.
Innstilling
Venstre (1/1)
Forslag frå O. Skinnarland (KrF)
Arbeiderpartiet (1/1)
Høgre (2/2)
Kristeleg Folkeparti (1/1)
Senterpartiet (1/1)