Tilråding
Bykle Maskin AS, som eigar av gnr.15 bnr. 159, får kjøpe delar av det regulerte byggjeområde for industri, med parsell på inntil 350 m2 frå gnr. 15, bnr. 11. Prisen for arealet vert sett til kr. 250 per m2 pluss omkostningar. Planutvalet vedtek endeleg plassering av bygg og tomtegrense, med omsyn til andre etableringar i området som er under planlegging eller arbeid. Dei øvrige vilkåra i formannskapet sitt vedtak i sak 46/2024, fatta i møte 09.04.2024, gjeld fullt ut.