Tilråding
I medhald av plan- og bygningslova § 12-12 blir detaljregulering for Ørnefjell hytteområde /planID 202303 med tilhøyrande reguleringsføresegner og endringar vedteken.
- Det blir lagt inn maks mønehøgd på 5.5 meter i føresegn pkt. 2.1.
- Føresegn pkt. 3.1 blir endra til: Innanfor flaumsona kan det ikkje tillatast nye terrenginngrep, eller nye byggjetiltak utan at tilstrekkeleg tryggleik mot flaum (jf. TEK17 § 7-2) er dokumentert.».
- Plankartet blir endra til at tilkomst til tomt FBF2 blir endra frå vest til aust
- Plankart blir endra for tomt FBF6 (Solberg).
- Plankart for tomt FBF46 blir justert i tråd med vedlegg, og dessutan siste del av føresegn 3.2 (H410): er det ikkje lov å gjennomføra terrenginngrep eller oppføre nye bygg innanfor traseen.
Deler av reguleringsplan for Midtregionen / nummer 200601 vedteken 27.09.2007, inkludert alle seinare planendringar, delplanar og tilhøyrande føresegner, får konsekvensar for, blir oppheva.
Kommunestyret ber forhandlingsutvalet tre saman for å forberede seg til mekling for å løyse motsegn retta mot detaljreguleringsplan for Ørnefjell hytteområde med utgangspunkt i kommunestyrets vedtak.