Hopp til hovudinnhaldet

Votering er ferdig i denne saka.

Resultat av votering

18:32 Tilråding

Bykle kommune har store areal som er verna. Kommunen ynskjer at gardsbruka er busette og vert drivne. Kommunen meiner at Statsforvaltaren må unngå at verna areal på eigedomar fører til at eigedomar får vesentleg redusert næringsgrunnlag for framtidige generasjonar, - og ikkje vert busette.

For Berdalen naturreservat meiner vi at skogareal som ikkje har vesentleg verneverdi må tas ut av vernet, for å sikre framtidig driftsgrunnlag og busetting på eigedomen, og produksjon av trevirke til lokal treforedling.

Produktivt skogareal som det kan drivast skogbruk på etter eit eventuelt skogvern må vere monaleg meir enn 500 daa for dei bruka som har over 500 daa i dag.

I kommuneplanen ligg det inne skiløype i området som må takast omsyn til i verneprosessen. For meir utfyllande kommentarar syner ein til saksutgreiing.

Vedteke

FOR

13
Randi Steinsholt Venstre Espen Wolles Mikkelsen Venstre Anne Karin Blix Grimestad Uavhengig Sigmund Alfson Trydal Senterpartiet Steinar Haugen Senterpartiet Thor Bernhard Sagland Kristeleg Folkeparti Anne Merethe Hjemdahl Høgre Roy Bakke Høgre Bjørn Erling Bakken Auestad Høgre Åsmund Hoslemo Bykle bygdeliste Sondre Hoslemo Arbeidarpartiet Kari Hovden Hoslemo Arbeidarpartiet Hans Blattmann Arbeidarpartiet

MOT

0