Tilråding
Bykle kommune har store areal som er verna. Kommunen ynskjer at gardsbruka er busette og vert drivne. Kommunen meiner at Statsforvaltaren må unngå at verna areal på eigedomar fører til at eigedomar får vesentleg redusert næringsgrunnlag for framtidige generasjonar, - og ikkje vert busette.
For Berdalen naturreservat meiner vi at skogareal som ikkje har vesentleg verneverdi må tas ut av vernet, for å sikre framtidig driftsgrunnlag og busetting på eigedomen, og produksjon av trevirke til lokal treforedling.
Produktivt skogareal som det kan drivast skogbruk på etter eit eventuelt skogvern må vere monaleg meir enn 500 daa for dei bruka som har over 500 daa i dag.
I kommuneplanen ligg det inne skiløype i området som må takast omsyn til i verneprosessen. For meir utfyllande kommentarar syner ein til saksutgreiing.