Hopp til hovudinnhaldet
01

Innstilling

Innstilling Behandlet

Planutvalet har handsama søknaden om dispensasjon og vil i medhald av plan– og bygningslova § 19-2 avslå søknaden då omsynet bak regulert kotehøgde blir vurdert å bli vesentleg tilsidesett ved og gje dispensasjonen og at fordelane ved gi dispensasjonen ikkje klart overstig ulempene.

Kommunedirektøren viser til vurderinga i saka.

Vedlegg

Les meir expand_more
02

Endringsforslag frå A. M. Hjemdahl (H)

Endringsforslag Behandlet

Med heimel i plan- og bygningslova § 19-2 gir Planutvalet dispensasjon frå reguleringsplanen si føresegn om kotehøgd, slik at kotehøgda kan setjast til 771 moh.

Planutvalet legg til grunn at omsyna bak føresegna ikkje blir vesentleg tilsidesette, og viser særleg til dei konkrete terrengtilhøva på eigedomen. Utvalet kan ikkje sjå at tiltaket svekkjer reguleringsplanen sin funksjon eller omsynet til føreseielegheit i området.

Utvalet legg vekt på at tiltaket gir betre terrengtilpassing, reduserte terrenginngrep og mindre behov for sprenging. I tillegg vil tiltaket betre ei eventuell overvassproblematikk, og òg bidra til ei meir føremålstenleg og trafikksikker tilkomst. Det er vidare lagt vekt på at den omsøkte kotehøgda gir ei føremålstenleg og god tilpassing til terrenget på eigedomen. Fordelane blir rekna som klårt planfaglege fordelar. Vidare er det vurdert at friluftsinteresser og naturmangfald blir verande uendra som følgje av tiltaket.

Planutvalet kan ikkje sjå at det ligg føre vesentlege ulemper ved tiltaket for naboar eller området, og grunngir dette med at eigedomane til klagarane ligg høvesvis sør og sørvest for eigedomen. Omsynet til lys og luft mellom eigedomane blir rekna som tilstrekkeleg ivareteke.

Føremålet med føresegna om kotehøgd er å sikre god terrengtilpassing og ei heilskapleg utbygging av området. Planutvalet vurderer at ei justering av kotehøgda på 1 meter på eigedomen ikkje vesentleg tilsideset desse omsyna. Tvert imot meiner utvalet at den omsøkte kotehøgda vil gi ei betre terrengtilpassing på denne eigedomen. Det er særleg lagt vekt på at regulert kotehøgd vil medføre større terrenginngrep.

Det blir òg vist til reguleringsplanen punkt 3.2a: Hytter og andre bygg skal tilpassast natur, terreng og anna busetnad ikring.

Planutvalet viser til at plan- og bygningslova § 19-2 gir høve til å gi dispensasjon etter ei konkret vurdering av den aktuelle eigedomen.

Det blir òg vist til at det tidlegare er gitt dispensasjon for tilsvarande heving av kotehøgd på nærliggjande eigedom. Etter utvalet si vurdering ligg det ikkje føre vesentlege skilnader som tilseier ei anna vurdering i denne saka.

Planutvalet meiner at å krevje av tiltakshavar å setje i gang ein reguleringsendringsprosess for å oppnå ei kotehøgd på 771 moh framstår som uforholdsmessig ressurskrevjande, og at ei mindre justering som i dette konkrete tilfellet betre blir løyst ved å innvilge dispensasjon.

Etter ei samla vurdering finn utvalet at fordelane ved dispensasjonen er klart større enn ulempene, og at vilkåra i pbl § 19-2 er oppfylte.

Vedlegg

Les meir expand_more