Innstilling
Bykle kommune gir Stiftelsen Bergshav konsesjon for erverv av eigedomen gnr.1 bnr.286 i Bykle kommune. Vedtaket vert gjort med heimel i konsesjonslova § 1.
Det er eit vilkår for konsesjonen at utmarksbeiteressursane på eigedomen framleis skal stillast til disposisjon for beitebruk, slik at ervervet ikkje fører til ulemper for landbruksnæringa.
Vedlegg
Forslag frå S. A. Trydal (Sp)
Bykle kommune avslår søknad om konsesjon for gnr/bnr 1/286, del av Myrekvæven.
Eigedomen gnr/bnr 1/286, del av Myrekvæven er tidligere forsøkt erverva av Bergshav Eiendomsutvikling AS, denne søknaden er avslått av Statsforvaltar. Det søkast no om konsesjon for den same eigedomen frå Stiftelsen Bergshav. Ein stiftelse skiller seg frå eit AS, td ved at eit eigarskifte der stiftelsen vel å selje eigedomen vil kreve ei ny konsesjonsbehandling. Dette er positivt, men eigarforma stiftelse har fremleis den samme utfordringa ved at rådigheten over eigedomen vil skifte ved endring av styret som er utafor konsesjonbehandling. Me meiner dette strider mot konsesjonlovens § 1.1 fremtidige generasjoners behov. Dette fordi man ikkje vil få ny konsesjonbehandling ved ordinært generasjonsskifte (som ved personleg eigarskap vil skje av naturlege årsaker). Når ny konsesjonsbehandling ikkje blir gjennomført som følge av ordinært generasjonskifte får man heller ikkje vurdert konsesjon på nytt og på den måten får ei oppdatering av konsesjon som spegler fremtidige generasjoners behov.
Jfr § 9 tredje ledd, kan me heller ikkje sjå at ein slik stiftelse vil medføre nokon fordel for landbruksdrifta samanlikna med personleg eigarskap. Dette er også tydeliggjort ved at vedtekter til stiftelsen er av generell karakter og ikkje knytta til denne eigedomen spesifikt.
Når det gjeld forhold knytta til priskontroll syner me til Statsforvalter si vurdering i saken knytta til konsesjonssøknaden frå Bergshav Eiendomsutvikling AS