Hopp til hovudinnhaldet

Skuleskyss grunna farleg skuleveg

01

Forslag frå N. K. Moe (FAP)

Forslag Behandlet

Formannskapet tek klaga til følje og gjer borna skuleskyss sommar og vinter fram til kommunestyre har handsama saka om nye vedtekter for skuleskyss.

Vedlegg

Les meir expand_more
02

Forslag frå J. L. Teksle (FSP)

Forslag Behandlet

Skuleskyss for begge to, sommar og vinter.

Vedlegg

Les meir expand_more
03

Innstilling

Innstilling Behandlet

Innstilling frå kommunedirektøren:

Fyresdal kommune opprettheld vedtaket frå 27.01.25. og innvilgar sesongskyss for Evelyn Nedrebø om morgonen frå 01.11. - 31.03. Vedtaket gjeld for skuleåret 2024- 2025 og 2025- 2026. For Teodor Nedrebø vert det fatta vedtak om avslag på søknad om skuleskyss.

Vedlegg

Les meir expand_more
04

Tilleggsforslag frå J. L. Teksle (FSP)

Tilleggsforslag Behandlet

Èin skal ta vare på ungar i trafikken, og i skule alder er trafikk uansett èin farleg plass å ferdast. Nå óg venta eit enormt byggeprosjekt, og stor annleggsverksemd i bygda i mange år fram i tid.

Alle ungar som bur i bygda bør kome til skulen trygt og er ikke her me må spare pengar.

Gratis skuleveg er rettferdig, bærekraftig og smart innvistering for både ungane, foreldra og bygda.

Fyresdal er èin trafikksikker kommune !

For å unngå mykje trafikk ved skulestart og slutt :

Forslag :Ynskjer at det blir utreda at alle ungar i småsteget og mellomsteget får gratis skuleskyss, frå 1 km, eller mindre ved farlig veg. I ungdomsskulen får skuleskyss frå 2 km.

Vedlegg

Les meir expand_more